Onsdag vart programmet for Dei nynorske festspela presentert. Festspela går av stabelen 23. juni, og varer i fire fullspekka dagar. Mesteparten av programmet vil gå føre seg ved Ivar Aasen-tunet, men det vil også vere ulike arrangement rundt om i Ørsta og Volda. Tema i år er morsmål.

– Det er spennande med morsmål som tema. Alle har eit morsmål og kan relatere seg til det. På festspela møter vi menneske med ulike erfaringar med morsmålet sitt, seier Åshild Widerøe.

Over 50 arrangement

Tysk morsmål Simone Eriksrud er frå Volda, men har Tysk som morsmål då ho vaks opp i landsbyen Bischoffingen i Baden ved den franske grensa, saman med mora og besteforeldra. Simone fortalde den glade nyheit om at ho skal ta del på festspela i juni, via ein tv-skjerm under pressekonferansen ved Ivar Aasen-tunet onsdag. Foto: Knut Arne Aarset

Ho er programansvarleg for Dei nynorske festspela med over 50 arrangement. Blant alle dei andre arrangementa, seier Widerøe at utekonsertane blir bra. Simone Eriksrud, kjend frå D`Sound, er frå Volda og har tysk som morsmål. På festspela skal Simone synge på Volda-dialekt, og nokre songar på tysk.

– Eg trur det blir ei spesiell oppleving med Simone sin konsert. Eg vonar det er eit program som engasjerer, seier Widerøe.

Tema for i år vil gå som ein raud tråd gjennom festspeldagane, og blir sett lys på gjennom litteratur, foredrag og samtalar. Publikum og besøkande kan også møte Marit Eikemo og Unn Røyneland i festspela.

Guy Puzey er omsetjar, og har omsett Maria Parrs lokale og kreative kraftuttrykk til eit anna språk. På festspela får publikum høyre meir om det.

Ingebjørg Bratland vil halde konsert på fredag. Andre kjende namn til festspela er Heine Totland og Gisle Børge Styve.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Nynorsk tulle-punk

I år har festspela satsa på fleire festsprell for barn, med mellom anna framsyninga «Eg ler meg i hel». Det vert også skrivekonkurranse for ungdom. Arild Torvund Olsen, platesamlar, seier at han skal ta med barna sine til festspela, på arrangementa for barn. Sjølv skal han stå på scena laurdagskvelden, i salen ved Ivar Aasen-tunet. Saman med Olav Hove skal han framføre eit platekåseri, av nynorske plater med musikk.

– Vi skal ta føre oss heile soga, frå første vinylplate og fram til i dag. Eit døme er nynorsk tulle-punk frå 70-talet, seier Olsen.

Les fleire kulturnyheiter her