Denne helga er det duka for årets X2 i Volda, og startskotet gjekk av torsdag. Vêrforholda er ikkje med utøvarane i festivalen fredag, og både XFree, Randonee og Speedflying er flytta til laurdag.

Over ser du videoen «Tindetur» som Skotte la ut i vinter. Skotte startar frå Tungremtindane i Riksemdalen, med Hjørundfjorden i bakgrunnen

I år er det 11 år sidan X2 Festivalen vart arrangert for første gong. X2 vart starta av studentar. I helga vil fleire tusen besøke Volda for å ta del i festivalen, både som utøvarar i over 15 konkurransar og som publikum.

Vil ekspandere internasjonalt

Ein av dei besøkande er snøbrettkøyraren Ole-André Skotte (25) frå Sykkylven. Skotte konkurrerer aktivt på snøbrett, og har dei tre siste åra halde seg i Norge. Men i år satsar han også internasjonalt, og har vore to turar i Alpane. Der vann han to førsteplassar, ein fjerdeplass og ein tolvteplass.

– Målet mitt er å ta del i dei store internasjonale konkurransane i snøbrettkøyring, seier Skotte.

På Sunnmøre skal han ta del i XFree, som er ein av dei mest populære konkurransane i X2 Festivalen. Den går føre seg ved Trollbotn på Bondalseidet i Ørsta Kommune.

– Eg fekk beskjed om at XFree var utsett i dag tidleg kl. 08.00. Då sat eg i bilen og var på veg til Volda. Eg kom fram, slo opp teltet på campen og la meg til å sov, seier Skotte.

XFree

Deltakarane kan stille på både ski og snowboard, og gjev publikum ei stor oppleving og eit spektakulært syn når dei skal køyre ned ifrå Sunnmørsalpane.

– Første konkurranse eg tok del i var på X2 i 2013. Der vann eg, og det gav meirsmak. Eg trur det vert tøff konkurranse i morgon, med nokre av dei beste i Norge på ski og lokale heltar på snøbrett, seier Skotte.

I XFree er konkurransane delt inn i fire einingar: ski, snøbrett, damer og herrar. Det er bra at arrangementet går føre seg i april, meiner Skotte, for då er det varmare og sol. I tillegg brukar det å vere gode forhold og mjukare snø.

– Eg har tru på å gjere mitt beste i konkurransen. Eg skal ta i det eg greier, seier Skotte.

X2 Festivalen er ein del av Verscupen, Freeride World Qualifier.

Også i fjor møtte festivalen motstand av vêret, les om det her.

Hald deg oppdatert - følg smp.no på Facebook

Arrangement for ein kvar smak

X2 Festivalen sitt arrangement med speedflying heli-boogie var ein suksess i fjor. I år er speedflying flytta til Hellesylt, og er utsett til laurdag. I konkurransen kan deltakarane ta med vingen sin dit og flyge. Arrangørane har sett seg ut fleire fjell som kan vere aktuelle, alt etter vêrforhold og vindretning.

Torsdag skulle XWave ha vore i gong på Flø, men flat sjø gjorde at konkurransen er på laurdag. Fredag ettermiddag er det oppvarming til XWave ved Flø. Surfarane får to timar til å kapre den perfekte bølga, og vise seg fram på.

Spennande foredrag og konsertar

Fredag er det tett program på studenthuset Rokken i Volda, for dei som ønskjer eit avbrekk ifrå all aktivitet ute på dagtid. Fleire kjende vil halde foredrag, blant andre Marius Beck Dahle. Dahle frå Volda brakk ryggen og bekkenet i ekstremsporten speedflying, men no er han i lufta igjen. Han stiller opp i X2 Festivalen og fortel si historie. Publikum får også høyre Alexander Gamme og Martin Larsen.

– Eg skal heilt klart få med meg dei kjekke foredraga og konsertane i kveld, seier Ole-André Skotte.

På scena vil Honningbarna, eit punkrock-band frå Kristiansand, opne konsertkvelden fredag. Honningbarna er godt kjend som eit av dei beste livebanda i Norge, og har vunne spellemannspris og beste liveartist frå P3 Gull.

ARY, Ariadne Loinsworth, er godt kjend for låta «Telescope», frå eit samarbeid med Carl Louis. Ho entrar scena ved midnatt.

X2 Festivalen, fredagskveld:

  • 18:00 → Foredrag: Alexander Gamme

  • 19:15 → Foredrag: Martin Larsen

  • 19:30 → Ølsmaking med Kinn

  • 20:00 → Foredrag: Marius Beck Dahle

  • 21:30 → Honningbarna

  • 22:00 → DJ O-Jay

  • 22:30 → DJ Mags

  • 23:00 → Garmin VIRB presenterer: Dagens video

  • 23:15 → KUUK

  • 00:00 → ARY

  • 00:15 → DJ Dan The Man

  • 00:45 → Carl Louis

Kulturnyheiter og oppdatert kulturkalender - få med deg det siste ved å følgje smp-kultur på Facebook.

X2 laurdag

På laurdag vil XBoard ta over vegane i Volda. Som i fjor er Xboard den første delen av Norgescupen for downhill skateboarding.

I bakkane til Ørsta Skisenter, Bondalseidet, går også ein Bigjump-konkurranse av stabelen, nemleg XStyle. Det får utøvarane gjere triks på både snøbrett og twintip. Arrangørane lovar endå betre hopp og ramme rundt konkurransen i år, mot føregåande år.

X2 Festivalen, laurdagskveld ved Rokken:

  • 19:00 → Protect Our Winters ved Tormod Granheim

  • 20:00 → Frode Guldal

  • 21:00 → XAwards

  • 21:50 → Garmin VIRB presenterer: Dagens video

  • 22:00 → Death By Unga Bunga

  • 22:00 → DJ Parkstad

  • 23:15 → Warlocks Norway

  • 00:15 → DJ O-Jay

  • 00:30 → Drippin

For fullstendig program, sjekk ut X2 Festivalen her.

Ole-André Skotte ser mot internasjonale konkurransar i snøbrettkøyring. Laurdag skal han ta del i XFree ved Ørsta Skisenter. Der vil han konkurrere mot lokale heltar. Foto: Charlotte Karoline Kvistad
Ole-André Skotte er snøbrettkøyrar og har vunne to konkurransar i Alpane. No er han klar til å gje alt på XFree. Foto: Charlotte Karoline Kvistad
Ole-André Stokke har konkurrert i Norge dei siste tre åra, men i år har han også satsa internasjonalt og har vunne to konkurransar i Alpane. Foto: Charlotte Karoline Kvistad