Samla stein i 40 år

Steingale Halvard gir bort heile samlinga si

Geologisk historie frå heile verda kan bli plassert midt i verdsarvområdet i Norddal.

Har samlet på stein i mer enn 40 år. Nå gir han bort hele samlinga til Norddal kommune, med klausul om at den skal benyttes til forskning for bla.a studenter. En del av den vil også kunne oppleves ved Valldal Hotell. 

– Eg er veldig glad for at Halvard vil plassere samlinga i Norddal

Arne Sandnes
Kultur

Det er Ørskog-mannen Halvard Eide som gir bort den unike steinsamlinga si som han har arbeidd på i meir enn 40 år. Ho inneheld alt frå edelsteinar og gull til verdfulle spor av jordas historie.

– Eg ønskjer at ho skal kome til nytte i eit forskings- og utviklingssenter for geologi, historie og fordjuping i mineralenes verden, seier Halvard Eide (63) til Sunnmørsposten. Samlinga er no plassert på heimgarden, der han gjennom fleire år har katalogisert ho. I tillegg har han ei mengd prøvar og utstyr som er nytta i bergverksindustrien ulike stadar i landet.