«Verdas trivlegaste dokumentarfilmfestival» er slagordet når Dokfilm i Volda no viser film for 20. gang, frå 20. til 24. april.

Ein mimrevegg med gamle plakatar, t-shirts og bilder frå 20 år med festival er på plass.

Dokumentaren «Kampen om fjordane» av Vigdis Nielsen er plukka ut som åpningsfilm. Filmen følgjer 22 år gamle Synnøve Kvamme som er villig til å gå i fengsel for å hindre etableringa av monstermastene i fjordlandskapet i Hardanger.

Sunnmøre

Fram til søndag skal 69 filmar møte publikum i Volda, på Rokken og i Samfunnshuset. Det er norske, utanlandske og sunnmørske dokumentarar.

«Sunnmøres alpine arv» av Eirik Vaage og Carl Nesset og filmen om Vassendgutane, «Sytalause Spelemenn - bestseljar mot alle odds» av Roger Oldeide visast begge 21. april. Margreth Olins kinofilm «Mannen fra Snåsa» er også i programmet.

Aktuelle tema

Tema for mange av filmane er framandfrykt, mennesker på flukt og ekstremisme.

Festivalen har heile 27 premierefilmar på programmet.

— Det er kjempegøy at vi kan tilby publikum så mange nye filmar. Etter 20 år er det lett å jobbe med festivalen og få tak i gode filmar, for Dokfilm har opparbeidd seg eit gode rykte og er godt kjent, og sånn sett attraktiv for filmskaparane, seier årets festivalleiar, Silje Slang Lutnæs.

Premierefilm

Filmen «A Heart that Never dies» av mellom anna Erling Borgen er ein av premierefilmane under Dokfilm, og presenterer journalistar og andre som kjempar mot korrupte regime i heimlanda.

Andre premierefilmar:

«Man kan ikke google inn Gud», om livet i eit norsk kloster.

«Husokkupantane», om eldre damer som talar kommuneadministrasjonen midt i mot.

«Diving Into the Unknown», finsk film om to sportsdykkarar som omkom i ei undervassgrott i Norge i 2014.

«Blood Sisters», om to flyktningesøstre.

«Cecilia», om barnearbeid i India.

«Ámæli», om grindadrap på Færøyene.

«Evig ballerina», om Grete Brunvoll på 85 år, verdas eldste ballettdanser.

Meg og mitt

— Min favorittfilm i år er nok «Drømmen og speilet», det også ein premierefilm. Heilt nydeleg, seier leiar Silje Slang Lutnæs.

Filmen handlar om Martin som vil byggje ein stor spegel i Rjukan, så folk der kan se sola også i dei seks vintermånadene som byen er mørklagd av fjella rundt.

Sjølveksponering på film er eit anna tema som skal diskuterast i paneldebatt.

I løpet av festivalen vil prisar for beste lange film, beste kortfilm, beste studentfilm og publikumsfavoritten fordelast.

«Doktalent» er kortfilmkonkurransen for elevar i vidaregående skule og folkehøgskular.