– Vi kjenner sterkt på at måleriserien har fått ein god heim på rett plass! Det seier konsernleiar Ronald Dyrhol. Han er svært nøgd med at Hareid Group har sikra seg 30 av 37 måleri i serien Håvard Vikhagen har måla om slaget ved Hjørungavåg til utsmykking i det nye administrasjonsbygget ved sjøkanten i Hareid sentrum.

– Dette vart heilt fantastisk flott, seier konsernleiaren og ser seg rundt i den vel 400 kvadratmeter store kantina med rundt 200 sitjeplassar. Mellom store vindauge dekkjer dramatiske motiv frå måleriserien store veggflater.

– Her heng alt saman. Fargane i møblar, vegger og sjølve lokalet er tilpassa måleria, for å få heilskapen i serien best mogleg fram. Resultatet vart betre enn venta, meiner Dyrhol.

Rett miljø

Kunstnaren Håvard Vikhagen, som er fødd i Hjørungavåg der han delar av året bur og arbeider, er svært glad for at «Slaget ved Hjørungavåg, 2013» er kjøpt av ei lokal bedrift. Det sikrar at måleriserien blir verande på Hareid, nær staden der det historiske slaget skjedde på slutten av 900-talet.

– Midt i blinken at serien blir hengande her på Hareid. Mykje av både historia og identiteten til Hareid og Hjørungavåg er knytt til dette slaget. Det gir måleriserien ein historisk forankring til staden. Eg kunne ikkje fått ein betre visingsstad for måleria enn dette, seier han. Kunstnaren har ikkje tidlegare opplevd å bli tatt med i planleggingsfasen slik han vart med nybygget på Raffelneset.

– Vanlegvis kjem tanken på utsmykking til slutt, og vi kunstnarar må avfinne oss med eit lokale som allereie er ferdig. Her er lokalet skreddarsydd til kunsten. Det er flott, meiner Vikhagen.

Heng i bolkar

«Slaget ved Hjørungavåg, 2013» vart fyrste gong presentert i Aalesunds kunstforeining i februar 2013.

Året etter vart Vikhagen si tolking av slaget som vart utkjempa mellom Ladejarlen Håkon Sigurdsson og jomsvikingane vist i den nye brannstasjonen på Hareid. Det var då leiinga i Hareid Group fekk ideen om å sikre seg måleriserien som utsmykking i administrasjonsbygget som vart tatt i bruk på nyåret i år. I konsernet si vestibyle og kantine har kunstnaren valt å presentere den brutale historia om slaget i bolkar med ulikt antal måleri. Bolkane er titulerte med Før slaget, Slaget, Etter på, Sorg, Heim og Fred og ro.

Kronologisk

– Slik blir historia fortalt som ein teikneserie, og gir ein kronologisk framstilling av det eg ser føre meg skjedde før, under og etter slaget, forklarer Vikhagen. Han siktar til motiva som skildrar fredeleg kvardagsliv i Hjørungavåg før vikingskipa seglar inn og det brutale slaget med halshogging og massedrap tek til. Veksande likhaugar viser i landskapet som når slaget er over på ny rommar ro og fred blant folk.

– Serien er som ei slags tidssveiv gjennom slaget, seier Vikhagen som er glad serien heng i eit lokale der han håper mange får sett den.

Ein arbeidsplass

Satsar millionar på kaia Trass i nedgang i oljenæringa, er det optimisme på Hareid.

– Blir måleriserien tilgjengeleg for folk flest?

– Dette er ikkje eit galleri, men ein arbeidsplass. Hareid Group er ei stor bedrift med mange tilsette, og som stadig har folk på besøk. I slike samanhengar vil vi sjølvsagt vise fram måleriserien, seier Ronald Dyrhol. Konsernsjefen opplyser og at til hausten skal det nye administrasjonsbygget markerast med ein open dag for publikum.Då får alle som vil høve til å sjå «Slaget ved Hjørungavåg, 2013».

<strong>Samspel:</strong> Fargar på møblar og vegger i kantina er tilpassa måleriserien om slaget ved Hjørungavåg.