Margreth Olin fekk publikumsprisen på Dokfilm

Årets Dokfilmvinnarar blei kåra laurdag kveld.

Regissør og produsent Margreth Olin med filmen "Mannen fra Snåsa", her foran plakaten av Joralf Gjerstad. Olin har filmet 22 mennesker i møte med Gjerstad.  Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Kultur

Fire prisar blei delt ut på Dokfilm-festivalen i Volda laurdag.

Regissør Margreth Olin frå Stranda fekk publikumsprisen for sin film «Mannen frå Snåsa» om Joralf Gjerstad, melder filmfestivalens på si eigen nettside.

Prisen for beste dokumentarfilm gjekk til ein film dommarane meinte var sterk, ærleg og viktig. Det var regissør Kari Anne Moe som fekk den såkalla Gullflugeprisen for filmen «Pøbler».

– Det er ein film om menneske som ynskjer å forandre seg og som deltar på eit kurs for å få orden på livet sitt.

Les også: Dokfilm feirer 20 år (krever abonnement)

Ildflugeprisen er prisen for beste korte/mellomlange film og gjekk til «Cellist» regissert av Sindre Kinnerød og Audun Fjeldheim.

Prisen for beste studentfilm - Nymfeprisen - gjekk til Tung jakke» av Livirén Bratterud.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no