– At vi driv eksamensproduksjonen som ein profesjonell produksjon som ikkje berre skal vurderast av ein sensor og for så å verte lagt vekk, men som faktisk skal lanserast og publiserast på internett, det trur eg er ganske unikt.

Det seier Dag Roland, som er emneansvarleg for bachelorutdanninga i media, IKT og design (MID) på Høgskulen i Volda. Andreårsstudentar på MID, og internasjonale studentar som har medieproduksjon som emne, jobbar i desse dagar med å gjere ferdig ein seks episodar lang dramaserie som har fått namnet «Anhedonia». Studentane er delt inn i seks grupper som kvar lagar sin episode.

Bisarr miks av forteljingar

Episodane er frittståande og er laga i ulike sjangrar. Serien skal visstnok vere ein bisarr miks av forteljingar i same gate som Black Mirror, The Twilight Zone og Twin Peaks.

– Vi har spelt inn vår episode i det forfalne Gamlegymnaset i Volda. Det var skikkeleg nifst der, fortel Chaitra Acharya, som er Erasmus-student frå India. Ho finn det spennande og lærerikt å vere del av ei gruppe studentar frå ulike land, som får jobbe så profesjonelt og målretta. Acharya gler seg til å vise fram den ferdige serien heime i India. Medstudent Martin Oddekalv frå Volda fortel at dei har jobba knallhardt den siste månaden.

– Men det er verdt det. Vi lærer så utruleg mykje, seier han. Faglærar på MID, Jon Harman, som har mange års erfaring som filmprodusent og innhaldsprodusent for web frå England, er ei viktig drivkraft i emnet medieproduksjon.

Endring i forbruk av medieinnhald

– På MID er vi interesserte i å utforske nye vegar og distribusjonsmetodar, fordi vi kan sjå at dei globale trendane når det gjeld forbruk av medieinnhald er i stor endring. Å prøve ut nye metodar er viktig for å avle nye innhaldsprodusentar, og for å kome i møte ei ny bølgje av innhaldsdistribusjon. Vi ser at vi må eksperimentere med virtuell røyndom (VR), mobil, utvida røyndom (AR), og multiplatform når vi leitar etter måtar å fortelje historier i kortform for ulike media. Det trur vi ikkje er gjort i utdanningskontekst andre stader i Norge enno, forklarer Harman.

Dramaserien «Anhedonia» vil verte publisert på internett tidleg i haust.