Sigrid Moldestad. Foto: Pressefoto

Har den nye kona til herøyhovdingen vikingblod i årane som etterkomar til Gange-Rolv?

Iallfall vaks folkemusikaren Sigrid Moldestad opp med mor frå Spjelkavik og ein morfar som meinte at dei var i slekt med vikinghovdingen Gange-Rolv, opplyser Herøyspelet i ei pressemelding.

Uansett har ho nok meir nytte av både musikar-, scene- og teatererfaring når ho gir seg i kast med den stridige herøykvinna Inga under årets Herøyspel.

– Å vere Inga blir ei spennande oppgåve og utfordring. Og dette med historiske spel er noko eg aldri har vore med på før, men som eg har vore fasinert – og litt skremd av, seier ho.

Den Nationale Scene

I tillegg til å vere folkemusikar har Sigrid Moldestad sceneerfaring som songar og skodespelar. No sist som Heidi i «Tonje Glimmerdal» på Den Nationale Scene (DNS) i Bergen. Der spelar ho mot regissøren i Herøyspelet, Gerald Pettersen.

På DNS spelar Gerald Pettersen faren hennar. I Herøyspelet vert han mannen hennar.

Frå Den Nationale Scene kjem også Eirik del Barco Soleglad som Ingolf Ynda og Frode Bjorøy som Karl-Mørske. Audun Sandem er tilbake som Kong Olav Haraldsson og Idun Losnegård som Kjerring Bråte, opplyser Herøyspelet.

Trollkjerringa spelar mot Ghopi Prabaharan som skal vere Fe den synske. Prabaharan er frå Sri Lanka, men familien flykta til Norge og kom til Herøy då han var ein baby. No er han utdanna skodespelar og er klar for å kome tilbake til Herøy og Herøyspelet.

60.000 sett spelet

Herøyspelet vert i år vist for 25. år på rad. Sidan starten i 1992 skal om lag 60.000 personar ha sett Herøyspelet. Dei har opplevd spelet der Stadhavet og den høge himmelen, vêr og vind skaper stadig nytt lys og nye stemningar.

Det er kjærleik og sjalusi, opprør og lengt, fødsel og død som vert spelt fram. Unn vert dregen mellom kjærleik til opprøraren Møre-Karl og slekta sine forventningar til at ho skal gå inn i det arrangerte ekteskapet med Ingolf Ynda. Og gjennom det heile går den spesialskrivne musikken.

– Det er eit fantastisk spel og ei historie som har alt som skal vere med. Fantastiske kostyme, fantastisk musikk og fantastiske kulissar. Det er å trekke vinnarloddet å sitje her og kike på spelet, sa dåverande leiar for Barneteatret vårt, Eva Mørkeset då ho opna spelet i 2015.

Herøyspelet vert som vanleg vist første helga i juli.