– Pågangen frå publikum om å sette opp «Magic of the musicals» på ny har vore stor, og alle medverkande syntest det var fantastisk kjekt å synge denne vakre musikken, difor trår vi til med tre nye konsertar. Vi unner alle å få oppleve denne førestillinga som vart ei så stor oppleving for oss på scena, og tydelegvis og for publikum.

Det er prosjektleiar Lindis Utgård som seier dette. Det ho siktar til er at då den siste konserten under fjordårets turne vart heldt i Parken Kulturhus, fekk ikkje rundt 300 personar billett, og måtte gå skuffa heim. Til saman samla dei fem konsertane godt over 1.500 publikumarar i Sykkylven, Brattvåg, Kristiansund og Ålesund.

Kva skjer i helga? Sjekk Sunnmørspostens kulturkalender.

Ny runde

– Det er stort, fint og vakkert. Magic of the Musical er det flottast eg har vore med på, og den største satsinga Sykkylven Blandakor nokon gong har hatt. No gler vi oss til nye konsertar, seier Utgård vel eit døgn før Sykkylven kulturhus på ny blir fylt med musikk frå Les Misérables og The Phantom of the Opera.

Solist: Operasongar Mangen Fremmelid er henta frå Operaen i Oslo for å vere solist under konsertane i Sykkylven, Fosnavåg og Ålesund.

Då står Sykkylven Blandakor, Aalesund Operakor, Brattvågkoret, Hundeidvik Blandakor saman med mellom andre solistane Stine Hole Ulla og Magne Fremmerlid, musikarar og dirigent Erland Dalen klare til å framføre ei rad kjende melodiar frå to av verdas mest populære musikals.

Laurdag kveld står Fosnavåg konserthus for tur, og søndag kveld er det Parken kulturhus som blir fylt med «I dreamed a dream!», «Bring him home», «Do you Hear the people sing» og andre kjende låtar frå dei to musikalane.

Ny solist

I fjor var Mads Belden frå Kristiansund innleigd om solist, men i år er han skifta ut med den erfarne operasongaren frå Skodje, Magne Fremmerlid, som er henta inn frå Operaen i Oslo til heimlege trakter.

–Det blir minst like vakkert, meiner prosjektleiaren som lover at Magic of the musikals blir framført slik som i fjor, men med ei endring til:

– Stine Hole Ulla skal synge «Traces», som ho deltok med i den norske Grand Prix-finalen. Den låten kjem i tillegg som ei ekstra songgåve til publikum, fortel Lindis Utgård som gler seg stort til ei ny magisk konserthelg.