Sola strålar, og det same gjer førsteklassingane som ivrig prøver å gjere fløyte til smør på uteskulen i Årneset i Volda.

Etter ei stund har alle fått smør i glasa sine og får smake smøret på flatbrød.

Haualeiteveke

Elevane ved Øyra skule er i full gang med Haualeiteveka.

På timeplanen til førsteklassingane står livet på ein husmannsplass i gamle dagar.

- Det er fantastisk at vi har moglegheit til å bruke Haualeite på denne måten og kople undervisninga med lokalhistorie, seier lærar Ingunn Vik.

Fekk tæring

På Volda bygdetun, Haualeitet, har dei ei gammal husmannsstove. Vassbakkestova stod rett bortom Øyra skule, og elevane får nær tilknyting til både stova og folket som levde der.

- Vi har snakka mykje om dei som budde der, Jo og Ingeborg Vassbakke. Dei fekk tre ungar, men berre den eine vaks opp. Dei to andre fekk tæring, og det var ikkje medisin å få, fortel Vik.

120 år sidan

Torsdag skal elevane besøke bygdetunet og den gamle husmannsstova.

Elevane lærer om korleis det var å vere husmenn for rundt 120 år sidan.

- Og dei er veldig fengsla av historia, fortel læraren.

Spark på boks

Onsdag var elevane ved Rotevatnet, der det var lagt opp til ulike stasjonar, og der dei fekk prøve ulike aktivitetar.

I tillegg til å kinne smør, fekk dei prøve å vaske kle på gamlemåten, drive gardsarbeid og lære om blomstrar.

I opplegget dreg dei inn både naturfag, matematikk og norsk. Og i staden for meir moderne kroppsøving legg dei opp til gamle leikar, som spark på boks og hoppe paradis.