Nær 900 såg spelet på Dragseidet

Det historiske spelet "På Sverdeggja" tredobla publikumstalet frå sist gong. I strålande vêr kom nær 900 til Stadlandet for å sjå spelet.

Historie Hendinga i spelet som Rolf Losnegård har skrive, er lagt til året 997. Kong Olav Tryggvasson har kalla menn frå fire fylke saman til ting på Dragseidet på Stadlandet.  Foto: Lasse Fløde

Stadlandet Dragseidspelet hadde full klaff med vêret denne helga. Søndag var det også heilt vindstille på Stadlandet.  Foto: Lasse Fløde

Kultur

- Vi er godt nøgde. Det er tre år sidan sist, og vi tredobla publikumstalet frå den gong, seier Margit Fløde, leiar i Stadlandet ungdomslag som står som arrangør av Dragseidspelet, På Sverdeggja.

For tre år sidan var dei svært uheldige med vêret. Denne gongen var det full klaff.

Tidenes beste

Søndag kveld har Fløde ei god kjensle av at arrangementet var svært velukka.

– Dette var tidenes beste spel. Eg har høyrt både publikum og aktørar seie at dei følte at dette var heilt topp, seier Fløde.

Stille på Stad

Fløde hugsar ikkje at dei nokon gong før har framført spelet og hatt full klaff med vêret begge dagane. Spesielt søndag var det fantastisk. Det var stille og sol heile tida.

- Folk kosa seg, tok det som ein tur og var der i mange timar, seier Fløde som såg mange tilreisande, i tillegg til bygdefolk.

Bra med treårssyklus

Sidan starten har det variert kor ofte spelet har vore sett opp, men Fløde meiner tre år er ein fin syklus, både for aktørar, arrangørar og publikum.

– Det er såpass omfattande å få i gang noko slikt, at skal du ha tid til å drive med andre aktivitetar også i eit lag, så er tre år ein fin syklus, meiner Fløde som også tenkjer at publikum på den måten rekk å bli nysgjerrig på spelet igjen.

Profesjonelle skodespelarar

Mikkel Gaup, Idunn Losnegård og Roger Hillern er dei tre profesjonelle skodespelarane i spelet. Jeff Pedersen har vore regissør.

Resten er lokale amatørar.

Totalt medverka knapt 100 personar til spelet, med orkester, kor og sminkørar

Kongshær og bondehær møttest

På Sverdeggja er skrive av Rolf Losnegård. Hendinga i spelet er lagt til året 997. Kong Olav Tryggvasson har kalla menn frå fire fylke saman til ting på Dragseidet på Stadlandet.

Der møtest dei, kongshæren og bondehæren, med menn frå dei fire fylka Firda, Sygna, Sunnmøre og Raumdøla fylke. Med seg har kongen det som den gong var den nye trua - kristendomen.

Den historiske kjelda til spelet ligg i Snorre og i Dagfred Berstad si omsetjing av delar av Flatøyarbok frå islandsk til norsk. Her ligg også grunnlaget for historia om hovudpersonen i spelet, Ragnvald frå Ervik på Stadlandet, ifølgje heimesida til spelet.