Sunnmørsposten får eit par minutt med sunnmøringen i pausen under siste førestilling av «Ringen på 80 minutter», - eit utdrag av Richard Wagners storverk Nibelungenringen med Stein Winge som regissør.

– Det er fantastisk å stå på scena, seier ein lettare andpusten Fremmerlid etter å nettopp ha sunge eit tøft parti.

– Eg tenker ikkje så mykje på at det er siste forestilling når eg står på scena, men det kjem nok til å kome nokre tankar etterpå. Eg har trivest godt i denne jobben og hatt fantastiske kollegaer som har blitt nære vener, seier 55-åringen har vore fast tilsett som bassolist ved Nasjonaloperaen sidan 1997, og kan skilte med over 70 roller.

Takka av med laurbærkrans

Onsdag stod han på scena for å ta musikalsk avskjed med sitt operapublikum. Då vart han og kollega Hege Høisæter teke farvel med som solistar med store laurbærkransar om halsen.

–  Det er jo ikkje så mange som har halde på den tradisjonen med å gi laurbærkrans etter så og så mange år på ein arbeidsstad, så det var litt stas, seier Fremmerlid.

Helgapraten (krev innlogging): Magne Fremmerlid - operastjerne og handyman

Flust av tilbod

Fredag stod han på scena for siste gong, iallfall som fast tilsett. Operaen har hyra han til roller både neste sesong og sesongen 2017/2018, så heilt slutt er det ikkje.

Etter førestillinga venta ein større samkome av vener, familie og kollegaer.

– Vi er ein 70, 80, 90 stykk som skal samlast etterpå og kose oss med reker og noko godt å drikke.

Den umiddelbare planen er no å reise til Spania og vere der i sju veker, med unntak av nokre få heimreiser for å gjere eit par konsertar. Fremmerlid har tidlegare fortalt at han gleder seg til å kunne disponere tida si meir sjølv, men slutte å synge, det skal han så absolutt ikkje.

– Eg har aldri hatt så mange tilbod om jobbar som no, så eg trur det skal gå veldig bra.