Engasjement for morsmål

– Alle innsende bidrag var jo gode, og alle hadde stort engasjement knytt til tematikken morsmål, seier juryleiar Marit Eikemo.

Nøgd: Juryleiar Marit Eikemo er nøgd med dei tre vinnarbidraga.  Foto: Agnete Brun, pressebilde.

Kultur

Sidan mars har ein jury lest gjennom dei ni bidraga som har kome inn i forbindelse med skrivekonkurranse som Dei nynorske festspela arrangerer. No er dei tre beste bidraga valt ut, og Eikemo er svært nøgd.