Nynorskpris til Jon Hustad

Ein kunnskapsbasert kranglefant frå Hjørundfjorden fekk i dag Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.

Fekk pris: Prisvinnar Jon Hustad t.v. saman med juryleiar Håkon Haugsbø, i Ivar Aasen-tunet i Ørsta.   Foto: Hild Nordal

Kultur

– Eg er veldig glad, men også veldig forundra. Eg har alltid oppfatta nynorskrørsla å vere langt til venstre i det politiske landskapet. Det er ikkje eg, difor hadde eg ikkje rekna med å få ein slik pris.

Det sa Dag og Tid-journalist, forfattar, TV2-profil og debattant Jon Hustad (48) då han fekk tildelt nynorskprisen under Dei nynorske festspela fredag.

Kranglefant

Juryen for prisen omtalar i grunngjevinga si Hustad som ein kunnskapsbasert kranglefant som brukar eit godt og levande nynorsk for å fremje sakene og meiningane sine. «Han er stødig i framføringa både i skrift og tale, og brukar nynorsk på ein måte som syner at målforma ikkje berre eignar seg til nasjonalromantikk og lyrikk, men også til meiningsbryting og tung tids tale», heiter det i grunngjevinga.

Reiskap

– Eg har lenge sett på nynorsken som ein reiskap, men dei siste åra har det vorte tydeleg for meg at språket mitt er ein viktig del av identiteten min, sa Hustad.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar består av 50.000 kroner og eit kunstverk.