– Sand er den yngste vinnaren nokon gong. Ho skal ha æra for at nynorsk er på Facebook som eitt av over 100 språk, og ho har omsett programvare og dataspel til nynorsk.

Det seier Grete Riise, nestleiar i styret for Nynorsk kultursentrum. Torsdag var det opningshøgtid for dei nynorske festspela ved Ivar Aasen-tunet. Under opningshøgtida delte Riise ut prisen til årets nynorskbrukar, 100.000 kroner.

– Sand har gjort det lettare å vere nynorskbrukar i den digitale verda, og det er på tide å setje pris på nokon som tek vare på digital nynorsk. Vinnaren endrar morgondagen, utan å gjere noko ut av det, seier Riise.

Nynorsk identitet

– Eg veit at eg har brukt mykje tid på Facebook, men eg visste ikkje at det vart lagt merke til, seier Sand med eit glimt i auge. Og legg til at i den digitale verda er det viktig for elevar og unge å sjå at språket vert brukt på nett.

I framtida skal Martine Rørstad Sand bruke sigeren for alt det er verdt, og ho vedgår at det er veldig rart og stort å vere årets nynorskbrukar.

Fylkestinget vedtok i april at nynorsk framleis skal vere administrasjonsspråket til fylkeskommunen. Jon Aasen, fylkesordførar i Møre og Romsdal, tok turen til heimtrakter og opna festspela 2016.

– Det er ærefullt og kjekt å vere her. Språk er identitet, seier Aasen.

Nynorsk er der i krafta av seg sjølv, ifølgje Jon Aasen, og nynorsken er markert som noko: positivt. Fylkesordføraren seier at nynorsk og den nynorske kulturen står sterkt i dag. Han er stolt av arva.

– Aasen er ein del av identiteten og personlegdommen min, eg er jo herifrå, seier Aasen.

Morsmål som tema

I år er festspeldiktar Ruth Lillegraven (37), frå Granvin i Hardanger. Mora hennar er frå Nederland, og ho kunne like godt hatt nederlandsk som morsmål. Morsmål er temaet for dei nynorske festspela i år. Lillegraven framførte ei ny tekst som var skriven for denne dagen.

Hibba Sarmadawy var programleiar. Ho har arabisk som morsmål då ho var fødd i Saudi-Arabia. Etter at familien busette seg i Øystese i Norge, tileigna ho seg det nynorske skriftspråket og dialekta der.

I helga byr dei nynorske festspela på eit variert program, med noko for alle.

<strong>Dikt:</strong> Saman framførte Ruth Lillegraven og Hibba Sarmadawy eitt dikt på nynorsk og arabisk.