Blant musikarane på årets Moldejazz finn vi alt frå Karpe Diem, Ane Brun, Lars Vaular, Chick Corea og Branford Marsalis Quartet med Kurt Elling.

I tillegg er Ola Kvernberg frå Fræna ein sentral musikant under jazzdagane i Molde. Han er blitt årets «Artist in residence». Det inneber i dette tilfellet at Kvernberg blir gitt stor fridom i forhold til andre musikarar.

Dette vil med andre ord seie at tittelen som «Artist in residence» er noko som inneber mykje arbeid. Men det har det musikalske talentet ikkje noko i mot.

– Først og fremst har eg jo rekna dette som ei tillitserklæring for meg som musikar. Også gir dette moglegheiter til å setje i live ein stort mengd konsertar og prosjekt, seier Kvernberg som ser fram til å levere eit breitt program, og vise fram heile sin kunstnarskap i løpet av veka med Moldejazz.

Gjer som fleire enn 27.000 andre - lik smp.no på Facebook

Utfordrande

Og i løpet av desse dagane skal ikkje mindre enn sju konsertar finne stad. Det er ikkje lite, og særleg ikkje med tanke på at mykje av det er heilt nytt.

– Det blir absolutt utfordrande, berre omfanget av sju konsertar er ei utfordring i seg sjølv, seier Kvernberg og legg til at per definisjon er mange av konsultasjonane heilt nye.

I tillegg er det han som skal stå for opningskonserten og da får han med seg heile 25 musikantar på scena.

– I forkant av opningskonserten er det eit omfattande skrivearbeid. Og alt i alt mykje og halde styr på, fortel Kvernberg.

På heimebane

Vegen frå Fræna til Molde er ikkje lang, og dermed blir det heile ein spesiell oppleving for Kvernberg.

– Vi var vel heller ein familie som var opptatt av klassisk musikk. Men da eg var 16 eksploderte jazzinteressa, og Molde har vore viktig for mi karriere. Det har vore mange store konsertar, og også mange mindre konsertar, men som har vore like viktig. Molde har vore som ein slags onkel, og no skal eg altså nærmast spele på heimebane, seier han og innrømmer at det alltid er spesielt.

– Det er jo alltid kjekt på heimebane, men det er eksepsjonelt kult når eg får sjanse til å vise heimepublikumet såpass mange forskjellige ting.

Bredt spekter

Kvernberg lover nemleg alt frå fri improvisert musikk, til det han kallar for meir dansbar musikk.

– Det er mange ting eg skal touche innom, og eg gleder meg til å vise Molde og Romsdalspublikumet alt dette. Det blir litt for kvar ein smak, seier han og hevdar at magien ligg i om man klarer å treffe folk og få dei med seg.

– Og få folk til å opne opp øyra og bli med er litt det både jazzmusikk og Moldejazz handlar om føler eg. Sjangergrensene blir meir og meir viska ut, seier Kvernberg som ser litt ekstra fram i mot konserten saman med systera, Jorun Marie Kvernberg som både skal spele fele og synge.

Les fleire kulturnyheiter her