– Vi blir glade av å hjelpe til her, seier Malik Walimanish frå Iran.

Han er blant dei totalt over 200 frivillige som i desse dagar er med på å rigge til Sommerfesten på Giske som finn stad laurdag. Av desse er om lag ti asylsøkarar frå mottaket i Sundgata i Ålesund. Sunnmørsposten møtte fire av dei på onsdag, i full sving med å slå ned gjerdestolpar rundt festivalområdet. Ifølgje dei fire – frå Irak, Syria og Iran – er dette eit kjærkome avbrekk frå kvardagen på mottaket.

– Vi bur jo i asylmottak, og der kan vi ikkje jobbe eller gjere så veldig mykje. Men her kan vi bidra og hjelpe, seier Walimanish.

Flyktninger med på Slinningsbålet: – Vi var bare glade for å få hjelpe til

– Positivt avbrekk frå kvardagen

Samarbeidet mellom mottaket og Sommerfesten har gradvis blitt eit fast element i organiseringa av festivalen sidan det tok til for fire år sidan. Medarrangør Terje Farstad er storfornøgd med innsatsen.

– Vi synst dette er fint på veldig mange måtar. For det første er det ordentlege arbeidsjern som er veldig god hjelp. Og så er dette folk i sin beste arbeidsføre alder, og i den situasjonen dei er har dei ikkje lov til å ta vanlege jobbar. Så eg trur dette er veldig positivt både for oss og for dei, seier Farstad.

Bidro før Ålesund Live: Asylsøkere glade for å få rigge

Kjem frå Syria, Irak og Iran

Walimanish er einig i at det er fint å ha noko å fylle dagane med.

– Her treng vi heller ikkje prate så mykje, og det er greitt, sidan nokre av oss er ganske nye i Norge og ikkje snakkar perfekt norsk, fortel han.

Sjølv snakkar han flytande norsk utan problem – med kurdisk, arabisk, persisk og engelsk i tillegg fungerer han litt som tolk for dei andre. Dei tre andre har flykta frå krigane i Irak og Syria det siste året.

Aller helst vil dei attende, men slik situasjonen er i dag er det umogleg. Fritida går med på å vente på svar frå byråkratiet her, spele fotball, eller symje, fortel dei.

Årets festivalmote: For enkelte er det ikke bare musikken som er i fokus på festivaler

Ventar over 20.000 på laurdag

No gler dei seg til å få med seg litt av musikken på laurdag. Og skal vi tru arrangørane blir det større enn nokosinne. Dersom vêrgudane er blide ventar dei over 20.000 besøkande.

– Blir det litt uvêr får ein kle seg litt ekstra, så blir det kjekt likevel, seier medarrangør Ante Giskeødegård.