Over 25 band eller artistar skal spele under Indiefjord 2016 komande helg. I år er tredje gongen indiepopfestivalen går føre seg i den vesle bygda Bjørke, som har rundt 80 fastbuande.

– Festivalen har vakse litt i løpet av desse tre åra, men vi vil ikkje at han skal bli stor. Vi vil halde festivalen liten, koseleg og oversiktleg, seier arrangør Silja Haddal Mork.

Indiefjord er som ein einaste stor dugnad å rekne. Artistane får dekt transport frå flyplassen til Bjørke, og opphald. I tillegg blir alt overskot frå festivalen delt mellom artistane, men dei får altså ingen fast sum.

Oppleving

Indiefjord går føre seg på Bjørke mellom bratte fjell i Hjørundfjorden. Bildet er av Finnmark (Edward Forth frå Storbritannia) frå første Indiefjord i 2014. – I år er det fleire av mine engelske musikarvener som vil til Bjørke og Indiefjord og finne ro og kvile etter alt som har skjedd i heimlandet deira i det siste, fortel Indiefjord-sjef Silja Haddal Mork. Foto: Michael Prince

– Dei fleste musikarane kjem for opplevinga sin del, for naturen, og for å dele musikken sin med andre. Det er slik det er i indiepop-miljøet, forklarer Haddal Mork.

Ho har sjølv røter på Bjørke, og både forelda hennar, syskena, tanter og andre slektningar er med i dugnadsgjengen – saman med resten av bygdefolket.

– Eg er utruleg takknemleg for alle folk i bygda som stiller opp og omfamnar arrangementet, seier Indiefjord-sjefen. På programmet i år står artistar som Robert Post (Norge), Lyla Foy (England), The Tuts (England), Feivel (Sverige), Davina Shell frå Thee Ahs (Canada/Holland) og Ulises Palacio (Argentina).

Ferie

– Nokre av desse banda – det er heilt utruleg at dei kjem til Indiefjord. Lyla Foy spelar eigentleg berre på store festivalar og store scener. Men ho ville på sommarferie til Bjørke. Det blir snakka om den vesle festivalen vår ute i Europa, tenk det.

Som tidlegare blir artistane innlosjert på bandcamp i ein gammal gymsal, i Berta-huset, og heime hos folk på Bjørke. Bygda har to overnattingsstader, og i år tilbyr bakketunet familiecamp med barnevakt. Konsertane vil gå føre seg både ute og inne, og i tillegg til musikk vert det kunst og handverk både å sjå og kjøpe, det blir fossevandring, ølsmaking, og andre aktivitetar både for store og små.

– Mottoet for Indiefjord er at alle er velkomne, uansett alder, nasjonalitet og bakgrunn, seier Haddal Mork.