Sjå bileteserie frå Indiefjord festivalen:

Heile verda til Bjørke

Biletkunstnar Sean Mahan har reist frå USA for å få med seg Indiefjord festival. - Eg elsker denne staden, seier han.
Kultur

På Sunnmøres eldste gardstun, Bakketun, har heile verda dukka opp denne laurdagen, og den lisje bygda Bjørke yrar av liv. Til Bakketun har kunstnaren Mahan tatt med seg utstillinga si “Inflorcence”. Mahan har også laga årets festivalplakat, der Hjørundfjorden blant anna er teikna, og den har han laga utan å ha vore i Bjørke tidlegare.

- Eg såg på ein god del bileter av fjorden, både gamle og nye bileter, og så gjorde eg det til mitt eige, seier han.

No når han har sett fjorden, er han nesten lamslått over den vakre naturen.

- Eg elskar denne staden. Det er så annerledes frå Florida der eg bur. Her er utruleg fint, og eg kjem nok til å bli inspirert av Bjørke. Utsikta her heilt fantastisk. Eg håper å få kome tilbake hit ein gong, seiar kunstnaren.

Samtidig som han sel kunsten sin, er det også mogleg for besøkande å kjøpe festivalplakaten han har laga. Pengane han får av plakatsalet, gir han tilbake til festivalen.

- Eg vil støtte festivalen fordi den er så bra. Eg fekk vite om festivalen gjennom Silja, og eg har lest musikkbloggen hennar ganske lenge, fortel han.

I mars fylde han 40 år, og feiringa av bursdagen sin skal han ta i Bjørke.

- Dessutan er det 20 år sidan eg blei saman med kjærasten min, som er med meg hit, og det skal vi også feire. Dette er den beste plassen å feire på, seier Mahan, som gler seg stort til å sjå alle banda.

Ettertrakta festival

Det er tredje år på rad festivalen arrangerast i Bjørke, der musikk og kunst står i sentrum. Festivalen foregår 9. og 10.juli. Artistane som spelar her får ingen fast sum, men overskotet frå festivalen blir delt mellom artistane. Festivalsjef Silja Haddal Mork er oppteken av å halde festivalen liten, men den har blitt svært kjent i indiepopmiljøet. Omtrent 150 band søkte om å få spele, men berre 15 band har fått ja.

- Vi har fått søkarar frå heile verda, alt frå Canada, Israel til Filippinene. Det finst svært få indiepopfestivalar. I dette miljøet har festivalen vår blitt veldig kjent. Det er fleire og fleire som får vite om festivalen.  Mange vil også tilbake hit for å oppleve naturen, men også på grunn av Bjørkefolket. Første året var det eit band som laga eit heilt album basert på det å ha vore her, seier Mork.


Kjernefamilie riggar festivalen

Etterspørselen er også stor blant personar på Sunnmøre, samtidig er det folk frå heile verda som besøker festivalen.

- Det er rundt 80 stykk som bur i bygda, og dette blir jo firedobla i løpet av festivalen. Alle kveldsbillettane er solgt ut, og det blir omtrent 200 gjestar begge dagane. Eg hadde aldri trudd at festivalen skulle bli så populær. Denne musikksjangeren er jo ganske sær, men den appellera til alle aldersgrupper. Stemninga er så god her, og det er for så vidt ein vennefest, men vi inkludera alle som besøker festivalen, fortel ho.

Festivalen har rundt 20 frivillige, men det er for det meste kjernefamilia til Silja som hjelp til med festivalen. Søstera til festivalsjefen opnar blant anna opp heimen sin for å huse mange deltakarar. Broren til Silja, John Haddal Mork, tykkjer det er artig å bidra til festivalen.

- Det har blitt ei familiegreie, men det er Silja som er hjerna bak dette. Det er mykje som skal gjerast for å få til dette. Alle her er litt poteter. Eg har drive litt med gjestelister og rigging. Eg er sjølv musikalsk invalid, men det er gøy å sjå konsertane. Silja har tatt alle dei musikalske genane, seier han.

Han også er oppteken av at festivalen skal vere liten.

- Det må ikkje bli for profesjonalisert. Det er det som er sjela og sjarmen til festivalen. Det er fascinerande å sjå korleis Bjørkefolket smeltar saman med desse musikkfolka. Dei flyt godt i hop, seier han.


Britar og ulsteinvikarar

Eitt av banda som skal spele på søndag, er Trustfund. Dei er frå England og er glad for å vere i Bjørke.

- Det er så utruleg vakkert her. Vi hadde nokre vener som spelte her i fjor, og dei fortalde om denne festivalen. Difor ønska vi også å spele her, fortel Ellis Jones.

Bandet består av fire medlemmar, men dei har teke med seg fleire vener på turen.

- Det er litt ferie også da. Det er ubeskriveleg fint her, seier Libby Jones.

Folk frå både England og regionen er å finne på festivalen. Torill Vågen Vattøy, Astrid Grimstad og Birgitte Fondevik har tatt turen frå Ulsteinvik for å oppleve stemninga i Bjørke denne laurdagen.

- Dette er min første gang her, men eg har høyrt mykje om festivalen. Eg tykkjer det er eit godt tiltak og eg veit at det er driftige folk som arrangera den. Så i år tenkte eg kvifor ikkje prøve festivalen, seier Vattøy.

Dei alle tre er einige om at plassen er idyllisk, men dei gler seg mykje til å høyre indiepopmusikken.

- Eg gler meg til å finne ut kva indiepop er utanfor Spotify, seier Grimstad.

- Vi varma opp med indiepopmusikk på veg ut hit, så vi er litt forberedt. Sjangeren virka ganske så open, legg Vattøy til.


-Vi får sånn kick av det

Heile Bjørke er omgjort til festivalområde desse to dagane, og smil er å finne på alle dei besøkande. Silja er usikker på om ho skal lage festival neste år også, men seier at det gir eit kick av å arrangere Indiefjord.

- Indiepop er melodisk pop som ikkje er kommersiell. Musikken kan høyres veldig heimelaga ut, og vår festival ber preg av å vere heimelaga. Det er ein del av sjarmen. Så festivalen vår står i stil med sjangeren. Viss det går bra denne helga, så kan vi kanskje arrangere festival neste år. Vi seier alltid at det er siste gong vi skal arrangere dette, men vi får sånn kick av det, seier ho.