– Dette har vi snakka om ei stund, og i år gjorde vi alvor av det. Huset har jo eit godt flygel og er teknisk avansert i forhold til akustikk, seier kunstnarleg leiar Rune Bergmann.

På konserten laurdag 13. august får publikum høyre gitaristen Frode Alnæs saman med festivalens «faste» orkester, Kaunas City Orchestra, der Bergmann er gjestedirigent. Gitaristen og komponisten frå Kristiansund har tidlegare spelt med KORK, og skal blant anna spele arrangement derifrå.

– Vi har jo ein tradisjon med crossover på avslutningskonserten, der vi blant andre har hatt Jan Magne Førde og Hilde Louise Asbjørnsen. Alnæs er jo ein folkekjær artist, som også lagar fantastisk musikk, seier Bergmann.

I andre avdeling stiller Fjord Cadenza sin «Artist in residence», den spanske pianisten Joaquin Achucarro. Baskaren har spelt med ei rekke av verdas mest anerkjente orkester og dirigentar, og for berre få år sidan spelte 83-åringen inn plate med Berlinsymfonikerne og sjølvaste sir Simon Rattle på podiet.

Grieg og bacalao

– Achucarro var solist på ein konsert eg sa ja til å hoppe inn på i Portugal. Han er ein verdskjend pianist, og dessutan barnebarnet til Edvard Grieg si kusine, fortel Bergmann, som blei god ven med pianisten. Han fortalde om Fjord Cadenza, og Achucarro sa seg villig til å stille, mot lovnader om norske klippfiskrettar og båttur til Geiranger.

No skal han halde tre konsertar under festivalen, blant anna med Griegs a-mollkonsert på repertoaret.

Kulturråd-støtte

I år har Fjord Cadenza for første gong kome igjennom nålauget for støtte frå Norsk kulturråd.

– Det er ikkje meir enn 100.000 kroner. Men vi er svært glade for å vere inne, og håpar det kan bli meir etter kvart. Ei anna gledeleg nyheit er at vi er flytta over frå prosjektstøtte til ei treårig ordning med 70.000 i driftsstøtte frå fylket. Det gjer det lettare å planlegge, seier styreleiar Hallgeir Øvrebust.

<strong>Verdsstjerne:</strong> Joaquin Achucarro (83) skal spele tre konsertar under årets Fjord Cadenza. Torsdag 11. august i Nerskøyløa, fredag under opningskonserten i Gomerhuset og 13. august i Fosnavåg konserthus.
<strong>Festivalkunstnaren:</strong> Ragnhild Søvik frå Ålesund opnar festivalen med salsutstilling i Jentekolonien onsdag 10. august. Utstillinga er open kvar dag under festivalen.