Torsdag slepp musikar Stig Ulv (36) ein kort dokumentarfilm om seg sjølv på YouTube. Det er Roger Oldeide i Trifo Media som har regi og manus på filmen. Oldeide laga dokumentarfilmen om Vassendgutane som kom på nyåret i år, og Stig Ulv lurte på om filmskaparen også kunne tenkje seg å lage noko på ein sologitarist frå Ørsta.

Konflikt

– Då Roger spurde meg kva konflikten er, kva som skulle vere poenget i filmen, svara eg «det at eg ikkje syng», forklarer 36-åringen. Etter ti år som frilansmusikar, våga Stig Ulv i 2012 endeleg å stå fram med eigen musikk. Han spelar det han kallar «akustisk gitarinstrumental på nynorsk».

Det er titlane på låtane som er nynorske, for musikken hans har ikkje tekstar. Lyden frå gitarane hans står åleine, det same gjer musikaren på scenen. Ulv fortel at somme publikummarar treng tid til å fordøye at han ikkje syng til musikken sin.

Einsam

I filmen som har fått tittelen «Einsam Ulv», er det gjort opptak under livekonsertar på Søstrene Fryd i Ålesund og i Hjørundfjord kyrkje på Sæbø. Filmskaparen har også gjort intervju med Stig Ulv, og med publikum på konsertane.

– Når eg ikkje set ord på ting i musikken min, så kan denne filmen vere med på å forklare meg for publikum, og få fram personen bak musikken, trur Ulv. Han er godt nøgd med korleis han framstår i filmen, og meiner at Roger Oldeide har forstått kva Ulv eigentleg vil med sin måte å formidle musikk på.

Sound

– Eg har ikkje noko ønske om å verte millionær. Eg vil berre lage musikk som folk likar, og som kan bety noko for nokon. Og eg har valt å halde meg til mi greie, og prøvd å skape eit sound som er typisk Stig Ulv, forklarer musikaren.

Denne veka startar Stig Ulv på haustens speleoppdrag. Første konsert blir i Urke kaihus på laurdag. Deretter blir det m.a. Ørskog bluesfest, og speleoppdrag i Stavanger og på Notodden. I november spelar han i Ørsta kulturhus, og då vil også dokumentarfilmen om han verte vist.

– Eg vil også prøve å få filmen vist under dokumentarfilmfestivalen i Volda, og kanskje til og med på TV, seier Ulv.

<strong>strengeklimprar:</strong> Stig Ulv har alltid med seg minst fire gitarar når han framfører musikken sin. Foto: Kai Hansen.