– Eg syns det er svært at vi har klart å få Stella, systera til Dolly, til vesle Trandal og Hjørundfjorden. Ho er eit stort trekkplaster for oss. Ho kjem direkte frå ein konsert på ein av dei største skandinaviske countryfestivalane i Silkeborg i går, til Ørsta i dag, seier medarrangøren.

Ifølgje Bjørdal står Stella trygt plassert på eigne bein, men dersom du er glad i Dolly så vil du heller ikkje verte skuffa av systera. Ho spelar også songar av ho.

– Stella er ei fantastisk sprudlande og livleg dame på vel 60 år, men det er som med gammal vin, ho held seg godt og vert betre og betre.

Bjørdal fortel at dei klarte å sikre seg ho gjennom kjenninger, tilfelle og litt flaks.

Under tak

Trandal Countryfestival starta i går. Og sjølv utan vêrgudane på lag var stemninga god.

– Vi har segl over scenen og danseområdet. Det var ingen som brydde seg om vêret, og det var mykje folk og god stemning. Det virket som om folk treivst, fortel Bjørdal.

I tillegg til Stella Parton skal mellom anna Arly Karlsen, Hege Øversveen og svenske Leif Ingdal spele i dag.

– Det er god bredde innanfor sjangeren og noko for ein kvar smak for dei som lika country, seier Bjørdal.

(saka held fram under bildet)

Sivert Bjørdal sjøl på scenen under fjorårets festival

Skyssbåtar

Frå klokka 16 til 01 i natt vert det full fart på dansegolvet på Trandal. Publikum vert frakta med skyssbåtar fram og tilbake.

– Trandal er godt førebudd for båtar og båtliv. Publikum kan gå rett til festivalområdet når dei kjem i land. No er det fem-seks ledige plassar for småbåtar i hamna, men campingplassen er full, seier Bjørdal