Stella Parton om Trandal-country:

– Kunne ikkje ha vore betre

Country-stjerna Stella Parton er storfornøgd med konserten på Trandal Countryfestival i går. I dag er ho klar for å nyte sunnmørsnaturen, og har kameraet klart.

Den amerikanske country-stjerna Stella Parton er storfornøgd med å ha opptrådd i vesle Trandal. Her avbilda på scenen laurdag.  Foto: Trandal Countryfestival

Kultur

– Det var veldig gøy. Vi hadde eit fantastisk publikum, og sjølv om det regna så hadde folk det kjempegøy. Det kunne ikkje ha vore betre, seier country-stjerna Stella Parton om gårsdagens konsert på Trandal Countryfestival.

Ho var hovudtrekkplaster da Trandal Countryfestival gjekk av stabelen for femte gong på Christian Gaard bygdetun i Trandal, i Hjørundfjorden.

– Unik plassering

Parton er van med å spele på dei største countryfestivalane i verda. Likevel kom ho i går frå Silkeborg i Danmark – som har ein av dei største countryfestivalane i Skandinavia – og til vesle Trandal.

– Vel, country-fans er overalt, og eg trur at om ein driv med country-musikk, så må ein ta den med til alle, ikkje berre til store byar. Country-musikk stammar frå små, avsidesliggande stader som dette, og dette er gjerne dei folka som set mest pris på det, seier Parton til Smp.no.

Ho fortel at dei måtte ta fire fly frå Danmark for å kome til Trandalen. Det var ein veg å reise heilt opp i fjordsida, men det var berre stas, meiner ho.

– Det er ei unik plassering. Eg er jo ikkje ein symjar, så dei måtte plukke oss opp i båt og ta oss over. Ein må vere i god form for å kome seg opp dit, men det gjekk bra .

– Som vi seier i min region av Tennessee – «It's as steep as a mule's face» («det er like bratt som andletet til eit muldyr» journ. anm), flirar ho, men forsikrar om at det gjekk bra å kome seg opp.

Trandal Countryfestival i helga:

- Flott og minnerikt

Trass ei av dei verste nedbørshelgene denne sommaren er arrangørane storfornøgde med festivalavviklinga. Stella Parton frå USA var største headliner.


Vil kome tilbake

Trass regnvêret i går var det svært god stemning utover kvelden i Trandal, ifølgje Parton.

– Det var over 800 folk der, frå det dei fortalde til meg. Vi hadde god lyd og godt lys. Teknikarane var av høg kvalitet, og backing-bandet var av høgste kaliber. Så eg kan ikkje klage over noko, seier Parton.

– Vil du vurdere å kome tilbake?

– Absolutt! Eg elskar at viss eg drar ein stad, og eg blir invitert fleire gonger, så betyr det at eg har vore ein god gjest.

Gjer som meir enn 28.000 andre - følg smp.no på Facebook

Vil nyte naturen og utsikta

I dag skal ho slappe av og ta inn sunnmørsnaturen, før ho reiser til Kristiansand i kveld for nokre dagar.

– Eg har kamera klart, og skal ta fantastiske bilete av omgjevnadene. Det er berre så utruleg vakkert her, og eg kunne ikkje ha vore heldigare med vêret i dag, seier Parton.

Yr.no syner at det er 14 grader og solskin innover Hjørundfjorden og i Sæbø, der ho bur på Sagafjord Hotel.

– Dette er ein fantastisk ting å vakne opp til på ei søndags morgon, seier Parton.

– Veldig stolte

Sivert Bjørdal er pressekontakt for arrangørane av festivalen, og fortel at dei er veldig stolt over å ha fått ho til vesle Trandal.


Stella Parton på Trandal Countryfestival

– Vi er veldig kry over å ha fått tak i ho

Sivert Bjørdal lover stor stemning og full fart på dansegolvet.


– Stella Parton var fantastisk. Ho har ei fantastisk personlegheit og utstråling, og er så hyggeleg og nede-på-jorda som det går an, seier Bjørdal, som er mediakontakt for medarrangørane.

Ifølgje Bjørdal står ikkje Parton noko tilbake frå den eldre søstra si – Dolly Parton.

– Ho køyrer sin eigen stil, og er ikkje nokon kopi av søstra på nokon måte, seier ha.