– Trist at mange barn i Ålesund ikkje får oppleve ei flott førestilling som dette. Den ukrainske dansetroppen består av unge, svært dyktige dansarar som er kledd i fantastisk flotte folkedrakter som dei kjem hit for å vise fram. Synd at dette blir prioritert ned av skulane.

Det seier leiaren i U.L. Ivar Aasen, Leikny Aasen.

Gratis konsert

Det var i mai ho via skulekontoret i Ålesund kommune sende invitasjon til alle barneskular i kommunen som gratis konsert i Parken Kulturhus torsdag 15. september klokka 12. Det skjer i samband med at ungdomslaget og Lions Skodje får besøk av ei dansegruppe frå byen Dubno.

– Vi fekk ingen respons før sommarferien. Like før skulestart i august sende eg ut ei påminning til skulane, og framleis ingen svar. Då byrja eg å ringe rundt til alle barneskular i kommunen, fortel Aasen og legg til:

– Resultatet er nedslåande. Kun to klasser frå Larsgården og ei frå Aspøy kjem, medan tre-fire skular har sagt at dei ikkje har økonomi til å sende elevar med buss til kulturhuset. Andre har skulefotografering denne dagen eller har disponert busspengane sine til andre aktivitetar seinare i haust. Resultatet er at det til no har meldt seg under hundre elevar til dei 500 plassane i kulturhuset, seier Leikny Aasen.

Ho har vore i kontakt med Gøran Heimdal ved skulekontoret, og fått same beskjeden der om at kommunen ikkje har pengar til å sende elevane med buss til denne konserten.

Har ikkje budsjett

– Eg synest det er overraskande at Ålesund kommune ikkje gir oss beskjed om at det ligg ein kostnad i ein konsertinvitasjon som dette. I vårt budsjett for Ukraina-besøket er det ikkje avsett pengar til busstransport, men til leige av Parken Kulturhus. Vi søkte om fritak frå husleiga, men fekk avslag, opplyser Leikny Aasen, som trur busstransporten vil koste rundt 20.000 kroner.

– Så finst det nokon i det lokale næringslivet som vil sponse oss, er det kjempegreier. For konserten med felespel og folkedans av barn og unge frå Ukraina og Ålesund blir det, lovar ho.

– Knallhard prioritering

– Avslaget skuldast knallhard prioritering i ein trong kommuneøkonomi. Eg har prøvd, men finn ikkje rom for pengar til busstransport på skulekontoret sitt budsjett.

Det seier teamleiar for kultur- og oppvekst i Ålesund kommune, Gøran Heimdal. Han ser på tilbodet om gratis konsert som eit godt initiativ frå U.L. Ivar Aasen, men prioriterer likevel ikkje å gi økonomisk støtte til tiltaket.

Utfordrande

– Kvar enkelt skule er ansvarleg for sitt budsjett, og eg veit at rektorane må føreta harde prioriteringar mellom opplæring av elvane og ulike prosjekt og kulturtilbod, opplyser Heimdal og legg til:

– Det er utfordrande å få pengane til å strekke til, og denne gongen er det busstransport det ikkje er pengar til.