– Aldri har kunnskap vore så viktig og kvardagsleg som no. Dei fleste spørsmål kan svarast på ved å søkje etter dei riktige kjeldene. Allkunne skal vere ein del av denne kvardagen, seier Sandsmark i ei pressemelding.

Han tek til i stillinga over nyttår. Tidlegare redaktør Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er blitt dekan ved Høgskulen i Volda, og Stina Aasen Lødemel frå Ørsta er konstituert redaktør frå i dag etter å ha arbeidd som redaksjonssekretær i Allkunne i seks år.

Det siste året har Sandsmark arbeidd ved Hauge-senteret i Ulvik. Der har han mellom anna hatt ansvaret for programmet til Ulvik poesifestival, som opnar neste veke. Han har også vore folkevald politikar og politisk rådgivar i Venstre.