I første omgang er det Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke som har kalenderen på sine nettsider.

Du finn kalenderen på forsida til smp.no og rbnett.no. Du kan også gå direkte til kalenderen.

– Målet er at det skal vere lett å finne fram til arrangement. Det blir ein oversiktleg kalender for alle kommunane våre som skal vere med å binde Nordvestlandet saman. Slik vil vi få vite meir om kvarandre, seier Hanna Relling Berg, ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten.

Blir betalingsteneste

Den digitale løysinga er utvikla av Innocode og tilrettelagt av SmpLab, som er Sunnmørsposten si avdeling for digital utvikling.

– Kven som helst kan legge inn arrangement, alt frå store festivalar til små loppemarknader. Vi ønskjer at det skal gå godt med kulturlivet i området, og at folk skal få det lettvint, seier Liv-Jorunn Håker Ottesen, digital utviklingssjef i Sunnmørsposten.

Alle som har eit arrangement kan sjølv legge det inn i kalenderen, og i utgangspunktet er det gratis å bruke tenesta. Men det blir eit annonseprodukt, og det vil etter kvart bli ei betalingsteneste.

Ein jobbar likevel for å få til ein modell der noko blir gratis, men at det til dømes skal vere mogleg å kjøpe plass som er meir synleg.

Mangfald av aktivitetar

I første omgang er det dei to store regionavisene som har teke i bruk kalenderen, men planen er at fleire aviser skal kome med etter kvart. Til fleire arrangement, til betre er det.

– Det skjer veldig mykje på Nordvestlandet, og vi har eit stort mangfald av aktivitetar. Då er det positivt at ein har ein plass der ein kan finne ut kva som går føre seg, seier Hanna Relling Berg.

Legg inn ditt arrangement. Når du har registrert deg, kan du oppdatere kalenderen.

Er testa før lansering

Kalenderen er blitt testa ut på smp.no denne sommaren, og er så langt blitt godt motteken.

– Erfaringane så langt er at kalenderen er blitt godt brukt. Vi har vore i kontakt med fleire arrangørar som seier at dette er ei teneste dei har leita lenge etter, seier Berg.

Knytt opp mot Facebook

Ottesen fortel at det for tida er lagt inn mellom 500 og 600 hendingar i kalenderen frå heile Sunnmøre og frå Nordfjord og Romsdal. Om lag 75 arrangørar har registrert seg.

Kalenderen er også knytt opp mot Facebook. Aktive arrangørar som legg ut arrangement på Facebook og har kopla seg opp mot Det skjer-kalenderen, slepp å gjere jobben fleire gonger. Nye arrangement vil automatisk bli kopla til Det skjer-kalenderen.

Ottesen understrekar at kalenderen er i stadig utvikling.

– Dette er ikkje noko ferdig produkt, og det er heilt sikkert forbetringspotensial, seier Ottesen og oppmodar om å gi tilbakemelding om ein meiner noko bør endrast.