– Dansarane var veldig flinke. Vi har aldri sett nokon danse betre enn dette. 10-åringane Viktoria og Gustav er skikkeleg imponert over framsyninga den ukrainske dansegruppa varta opp med i Gomerhuset, onsdag. Dei var ikkje åleine om det. Applausen runga då dei 286 elevane ved Skodje barneskule fekk sjå dei ukrainarane danse i sine fargerike folkedrakter.

Det skjer-kalenderen: Få med deg alt som skjer på Nordvestlandet

I ei vekes tid har 21 gutar og jenter i alderen 10 til 15 år som er knytt til aktivitetshuset House of Youths i byen Dubno, opphalde seg på Sunnmøre. Det er Skodje Lions og U.L. Ivar Aasen som er vertskap under det ti dagar lange opphaldet.

– Vi har gitt gjestene våre opplevingar av Norge,- norsk mat, norsk natur og norsk kultur, fortel primus motor for kulturutvekslinga over landegrensene, Harald Vågene.

Onsdag var det danseframsyning og skulebesøk i Skodje som stod på programmet.

– Det var lett å sjå at dei har jobba veldig hardt for å få til noko så kult, meiner 7.-klassingen Tale. Ho og klassekameratane hadde nokre av ukrainarane på vitjing i klasserommet etter danseframsyninga, og då fekk dei via tolk høve til å fortelje kvarandre om korleis fritida og skuledagane artar seg for unge i Dubno og på Skodje.

– Spanande å få møte ungdommar frå ein heilt anna kultur, meiner Ingrid.

Nøgde gjestar

– Vi har det veldig kjekt. Alle er veldig godt nøgde med å vere her. 12-åringen Roman smiler stort når han på engelsk skal målbere korleis han og dei andre ukrainarane har hatt det under opphaldet. Smilet blir om mogleg endå større når han får høyre at alle var svært imponert over danseframsyninga deira.

– Det er veldig hardt å danse. Og vi øver kvar dag, fortel 12-åringen.

Ny konsert

Torsdag er dansegruppa frå Dubno i sving igjen saman med barn i den lokale folkemusikkgruppa Futt og Fart. Då inviterer U.L. Ivar Aasen og Skodje Lions til gratis konsert og danseframsyning i Parken kulturhus.

– Konserten er open for alle som har lyst å oppleve dette, seier Leikny Aasen.

Rundt 300 skuleelevar i Ålesund har allereie takka ja til å kome.

Foto: Staale Wattø
Foto: Staale Wattø
Foto: Staale Wattø
Foto: Staale Wattø
Foto: Staale Wattø
Foto: Staale Wattø
Foto: Staale Wattø
Foto: Staale Wattø
Foto: Staale Wattø