Helgapraten: Karin Augusta Nogva

Synleg kunstnar

Inspirert av sitt opphav på Nogva set Høstscena sin festivalkunstnar sitt fargerike preg der ho ferdast. Ugjennomtenkt og gjennomført brukar ho seg sjølv for å gjere kunsten sin synleg.

Foto: Solfrid Vartdal 

Kultur

Karin Augusta Nogva

Alder: 40 år

Bor: Ålesund

Sivilstand: Sambuar

Aktuell med: Festivalkunstnar under årets Høstscene

Karin Augusta Nogva : 

Kva passar best, svarte eller lyse strømper til Geirfugl-kjolen? Slike spørsmål kan Karin Augusta Nogva bruke tid på for å få antrekket perfekt. Ingen uvanleg situasjon for kunstnaren som ser på seg sjølv som ein del av kunsten ho skaper.

–Eg er ei vare. Det går ikkje an å selje ei vare utan at innpakninga er interessant, og difor er eg blitt meir og meir bevisst på korleis eg framstår. Sjå her, eg har tatt med Geirfugl-kjolen, presentasjonsantrekket til Harlekins farfar, kimono med trykk av torsk og tjeld. Alt høyrer til kunstprosjekt inspirert av heimplassen min.