–Det var kjempeartig å vinne, og eg er fullstendig klar over at det var veldig mykje godt øl med i konkurransen, også frå Hornindal. Det var veldig jamt kvalitetsmessig, seier Tomasgård.

For å vere med i konkurransen måtte ein ha brygga eit tradisjonelt øl, og ein måtte har brukt den eldgamle gjærtypen kveik. Tomasgård brukar ein gjær som dei har brukt på garden sidan slutten av 50-talet, då dei der starta opp att med ølbrygging.

– Den tilfører ein smak ein ikkje kan få med å kjøpe gjær. Eg brygger heilt på gamlemåten, heilt tradisjonelt med pinne, sil og rust, og eg kokar inne i koparkjele. Eg fekk skryt av røyksmak i ølet, og det kjem sikker ifrå det, utan at eg kan smake det sjølv, seier NM-vinnaren.

Det er først dei siste åra han har fått verkeleg sans for ølbrygging som hobby. Og med det har også kunnskapen kome.

– Det er så mange artige ting. Eg har ikkje mykje greie på kjemi og detaljar, men vi har lært ting ifrå gammalt av, og så har eg tileigna meg litt kunnskap dei siste åra etter kvart som eg har fått meir interesse for det. Det er ei fin hobby og vi er ein kompisgjeng som snakkar mykje om det. Då får ein også meir kunnskap, seier Tomasgård.

Les også: No kokar det i Hornindal (krev abonnement)

Les også: Hekta på norsk gardsøl (krev abonnement)

Første gong

Festivalsjef: – Folk kjem ikkje for å drikke seg full, men for å smake og kose seg. Men det er alltid ein eller to som ikkje klarer å bremse raskt nok, medgir Holden.

Dette var første runde med Norsk Kornølfestival. Festivalsjef William Holden er godt nøgd med arrangementet.

– Det har vore heilt fantastisk. Det kom folk ifrå heile landet, frå Grimstad i sør til Trøndelag i nord. Rundt 450 har vore innom, fortel Holden.

På programmet har det vore ølsmaking, brygging og foredrag.

– Det er viktig å ta vare på tradisjonen med kornøl og kveik. Det har vorte populært å brygge sjølv dei siste åra, og folk har oppdaga at ein på ein enkel måte kan lage øl som er mykje betre enn den vanlege pilsen ein får kjøpt på butikken. Folk har trudd at det er slik øl skal vere, men vi har vorte lurt, seier Holden.

Han seier at denne festivalen trekker interessa for å brygge øl mot det å ta vare på gamle tradisjonar.

– I helga har vi fått fatt i tre nye typar kveik, og då nærmar vi oss å ha tjue forskjellige - som kvar har sine smaksprofilar. Vi går tilbake til røtene ved å halde til like dei tradisjonane også. Dei kunne å brygge øl i gamle dagar også, seier Holden.

På festivalen i år reiste dei tilreisande bryggeria heim med fire typar kveik som dei kan eksperimentere med.

Mest menn

Allereie no er det klart at dei vil arrangere festivalen igjen i neste år. Holden seier arrangementet har vore veldig bra, men at det er ting dei kan lære til neste år. Mellom anna så ønsker dei seg fleire kvinner til arrangementet.

– Det er mest menn mellom 30 og 60 pluss, seier han, og legg til at dei har planer for korleis dei kan få med fleire kvinner.

– Vi veit at det er mange som brygger rundt om.

På ein festival som dette kan ein frykte at det kan bli for mykje alkohol på deltakarane, men det er ein ølfestival, ikkje ein drikke-festival, ifølgje Holden.

– Folk kjem ikkje for å drikke seg full, men for å smake og kose seg. Men det er alltid ein eller to som ikkje klarer å bremse raskt nok, medgir Holden