Sjå video over: Regissør Hallvard Bræin fortel kvifor filmteamet hamna på Sunnmøre, om mottakinga i lokalmiljøet og litt om kva kinogjengarane får sjå

Ikkje eitt av seta i kinosalen eller den store konsertsalen er ledige til tysdagens visningar av Børning 2 i Fosnavåg.

I kveld kjem regissøren og fleire av skodespelarane for å vere med på premierefesten.

(saka held fram under)

Arrangementsleiar Bjørn Holum ved konserthuset tvilar på at det nokon gong har vore fleire på kino i Herøy, enn det vil vere i kveld. For at flest muleg skulle få vere med på moroa, er filmen sett opp både i konsertsalen og den vanlege kinosalen.

– Billettane blei utselt nesten med en gong. Det er kanskje ikkje så rart. Delar av filmen er spelt inn her med ganske mange involverte, både statistar og bilar. Det har vore stort engasjement og skikkeleg Børning-feber, seier Holum til smp.no.

(saka held fram under)

Derfor hamna Børning 2 på Sunnmøre

Sjå video: Her går startskotet for kappløpet

Sjå bildeserie: – Gøy å vere statist

Regissøren og «Kjellen» kjem

Mellom dei som kjem til Fosnavåg i kveld, er regissør Hallvard Bræin, skodespelarane Ida Husøy og Vegar Hoel og ikkje minst Sunnmøres eigen «Kjellen» Bigset. Karakteren til Thomas Ryste dukkar opp som ferjematros i spelefilmen.

Eit par timar før filmen startar er det bilutstilling i garasjeanlegget til Thon-hotellet som er open for alle. Det blir også utstilling framfor kinoen der publikum kan få helse på regissør og skodespelarar.

Gode meldingar

Fleire meldingar av filmen er allereie ute.

Både filmpolitiet hos NRK P3 og VG trillar terningkast fire på filmen, medan TV 2 meiner filmen fortener terningkast fem.

Filmen handlar om eit bilrace frå Fosnavåg til Murmansk med mykje heftige actionscener og humoristiske hendingar undervegs. Herøy - og spesielt Fosnavåg - blir svært sentral i oppfølgjaren til filmen som i 2014 blei den nest mest sette filmen på norske kinoar.

(saka held fram under)

I samband med innspelinga fortalde leiar Geir Idar Kvalsvik i Herøy Næringsforum til Sunnmørsposten at han trudde filmen kunne gi solid drahjelp for reiselivet i Herøy.

– Vi veit at fleire av stadene frå den første filmen har merka god effekt med fleire besøkande, uttala han då.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no