– Då Hans Nielsen Hauge (1784–1815) reiste rundt om i landet, hadde han med seg fleire kvinnelege leiarar og lekpredikantar. Under Haugeseminaret i Fosnavågen fredag 14. oktober vil Linda Helén Haukland frå Universitetet i Nordland og forfattar Edvard Hoem snakke om ulike sider ved Hauge sitt kvinnesyn, opplyser arrangøren av årets Haugeseminar.

Det er Per Sævik som saman med Per-Arne Lillebø, Roger Kvalsvik og Olaus-Jon Kopperstad har drifta Haugeseminar i Herøy sidan 2010.

– I år har vi sett feminismen i Haugerørsla i fokus. Hauge lét kvinnene ha ein sjølvsagt og sterk plass i rørsla si, ifølgje Sævik.

Så langt har Haugeseminara vore populære samlingar med opptil 400 deltakarar.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Talsmann for likeverd

Linda Helén Haukland er stipendiat i sosiologi ved Universitetet i Nordland der ho er førelesar i historie.

– Eg har latt meg fascinere av Hauge sitt livsverk. Han har sett djupe spor i lokalsamfunna og i landet vårt. Hans Nielsen Hauge hadde ikkje ein agenda om likestilling, men ein tanke om likeverd, seier Linda Helén Haukland i ei pressemelding.