Det seier Bob Dylan- entusiastane Geir Hovind Frøysedal (Bokmannen) i Volda og sjømannsprest Øystein Braaten.

Bokmannen driv bruktbokbutikk i Volda, og spelar Bob Dylan si plate «Blonde on Blonde», og berre den, heile dagen.

Glad sjømannsprest

I Arguineguin på Gran Canaria sit eit glad sjømannsprest Øystein Braaten, tidlegare prest på Stranda og i Volsdalen.

DYLANENTUSIAST: Øystein Braaten.

– Det er jo fantastisk at Dylan får Nobels litteraturpris.

– Er du blitt bønnhøyrt, no?

– Eg skal ikkje skryte på meg at eg har gått i forbønn for han. Men dette var flott. Han er blitt føreslege til prisen i mange år.

– Fantastisk musikk med djupsindige tekstar

Braaten seier Dylan klarte å setje ord på tankane og draumane til ein heil generasjon, ved å lage fantastisk musikk med djupsindige tekstar.