Seint søndag kveld kom dei to nybakte vinnarane av MGP Junior heim til Eid etter ei helg med mange og sterke inntrykk. Dei to jentene sjarmerte heile tv-Norge med låta «Vestlandet» frå scena på Oslo Spektrum.

Gler seg til feiring

Sunnmørsposten fekk ein prat med Vilde Hjelle (13) og Anna Naustdal (12) over telefon medan dei køyrde i bil over Strynefjellet - same staden der dei skreiv vinnarlåta som handlar om å lengte tilbake til landsdelen. Dei to fortel at dei gler seg til å kome heim, og aller mest til å møte vennane sine igjen.

Men sjølvsagt ser dei også fram til å feire med heimbygda i Operahuset måndag kveld.

– Det er morosamt at dei har laga i stand dette til oss, og vi er veldig takknemlege for alle som har stemt på oss og kom til Oslo for å heie, seier Anna.

(saka held fram under)

Ordførar-dans

For heimkommunen tok verkeleg oppgåva som heiagjeng alvorleg. Fleire hundre eidarar tok turen over fjella og ordførar Alfred Bjørlo sjølv har vore særs aktiv - ikkje minst på sosiale media - med å framsnakke dei unge artistane. Det har tydeleg gjort inntrykk - for som jentene sjølv svarar på spørsmålet om det raraste dei har opplevd:

– Det trur eg må vere då ordføraren kom og dansa framfor oss medan eg og Vilde sto på scena, seier Anna.

Men det som gjorde sterkast inntrykk var då dei skulle synge «sigersongen» og såg lysa frå mobiltelefonane mellom publikum:  – Også kom alle dei andre deltakarane og klemte oss, og heile gjengen song med på siste verset. Då vart eg skikkeleg rørt, legg Anna til.

– Vi synest det er heilt fantastisk korleis heile Vestlandet har teke i mot denne låta, legg Vilde til.

Les også: Dette er MGP Junior

Juleturné

Jentene hadde ikkje tenkt så mykje på kva for mulegheiter dei hadde til å vinne på førehand.

– Vi tenkte at alle kunne vinne fordi alle var like flinke, seier Vilde.

Etter sigaren fekk dei vere opp til midnatt for å feire med dei andre deltakarane. Søndag fekk dei møte dei andre deltakarane igjen på Oslo Plaza for å snakke om korleis dei hadde hatt det. Eit intervju med Aftenposten Junior blei det óg tid til.

Snart skal jentene ut på MGP Junior sin juleturné saman med tidlegare vinnarar og nokre av årets deltakarar. Mellom anna skal dei opptre ved Bjørnsonhuset i Molde 1. desember, men det er førebels ikkje sett opp besøk på Sunnmøre eller i Nordfjord.