Vilde og Anna skal feirast på Operahuset

Eid kommune inviterar til feiring av dei ferske vinnarane av MGP Junior på Operahuset i Nordfjordeid måndag.

Vilde Hjelle t.v og Anna Nagdal gikk av med seieren. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix. Flagget vaiar i utanfor rådhuset i Eid. Skjermdump 

Kultur

På si Facebook-side inviterar Eid kommune til feiring av MGP Junior-vinnarane Vilde og Anna ved Operahuset klokka 18 måndag.

– Bli med å ta i mot gulljentene våre, heiter det i invitasjonen og spesielt barn blir ønskja velkomne.

Kommunen oppmoda tidlegare søndag alle i Eid om å markere heimkomsten til vinnarane ved å heise flagget i dag.

Les også: Vilde og Anna vann MGP junior