Som namnet sladrar om er det knytt både kraft og spenning til arrangementet.

Ekstra kjekt er det sjølvsagt at sponsoren set opp rause pengepremiar til borna og ungdomane i skulekorpsa.

Slik har det seg at vinnarane i Volda skulekorps kan putte heile 15.000 blanke kroner i kassa si.

Første utgåve av konkurransen Sunnmøre KorCup baud på både høgde og breidde: – Eg torde ikkje eingong syngje for maten

Musikalitet, showfaktor og orden

– Tevlinga er lagt opp slik at korpsa vert vurdert ut frå tre kriterium: Musikalitet, showfaktor og orden, fortel Johnny Vassli Hansen i Hovden & Ørsta Skulekorps.

– Korpset vårt, altså Hovden & Ørsta tok ein knipen 2.-plass rett framfor Ulsteinvik på tredje, fortel korps-forkjemparen.

I tillegg til desse tre, tok også skulekorpsa frå Hareid og Bergsøy del i det festlege opplegget.

Orden er viktig

Før om åra gjekk TussaTreff over fleire dagar. I år valde ein å stramme inn og berre køyre sjølve tevlinga.

– At borna er ryddige når dei entrar og forlet scenen. Litt orden er kjekt å ta med seg i eit skulekorps, seier Johnny og ler.

Showfaktoren gjer gjerne nokre byks oppover i takt med kor oppfinnsame dei unge er i kledebunad og dramaturgi.

Hovden & Ørsta Skulekorps og Ulsteinvik skulekorps blant vinnarane

Kvart korps stiller med to innslag og gjer mest muleg ut av dette.

– Skulle det elles stå likt i poeng mellom to, vil dei som scorar best på musikaliteten vinne, forklarer Johnny Vassli Hansen.

Hovden & Ørsta Skulekorps fekk med seg 10.000 kroner heim gjennom Eiksundsambandet for den finfine andreplassen.

Ulsteinvik skulekorps kan på si side gle seg over 5.000 kroner i premie. Alt dette kjem godt med, for heller ikkje å drive korps er gratis i denne verda.

Vikebladet har biletserie frå Korpsidol her.