Alme har skrive mykje om selfangst tidlegare også, men i faktaform. Denne gongen er det dikting, men ikkje fri fantasi.

– I arbeidet med å dokumentere selfangst har eg treft A-laget av selfangstfolk, og dei har fortalt mange historier som eg ville bringe vidare. Eg kom til at det fungerte best i romanform. Eg skriv om ting som kunne ha skjedd, seier Johannes Alme.

Sidan han har vakse opp på Brandal har han alltid hatt eit tett forhold til selfangst. Sjølv har han ein sesong i isen med «Polarstar».

– Eg er opptatt av at dei som har vore med på dette skal kjenne seg att. Samstundes har eg god tru på at det kan fenge for andre lesarar, seier forfattaren, som gir ut romanen på eige forlag.

Hovudpersonen er skipperen på selfangstskuta «Fangstmann», som ikkje må forvekslast med Brandal-skuta «Fangstmand». Skipperen vert råka av sjukdom under ein tur i isen. Dermed byrjar dramatikken.

– Det er spenning, samstundes som eg vil formidle kunnskap, fakta og historie, seier Johannes Alme.

Han fortel at det var kona hans som dytta han i retning av romansjangeren.

– Eg ville formidle i ei lett form for nye lesarar. Og då eg sette meg ned for å skrive vart det altoppslukande. Det er utruleg kor engasjert du kan bli for noko som berre er i hovudet ditt, seier debutanten.

Boka vert sleppt onsdag i neste veke, og Alme reknar med at det er interesse både lokalt og i Tromsø-distriktet.

Bok: Omslaget på romanen Fangstmann er laga av Terje Olsen. Foto: svein aam