I alle høve venta det alvor rett rundt hjørnet: Herøy Brass Band skulle halde jubileumskonsert. Heile fem år var dei!

Karakteren midt i motivet framme, med rikeleg av både hår og skjegg, er dirigenten Knut Røsberg, musikklærar og gamal Tempo-gut frå ballbyen.

Korpset heldt til på Indre Herøy ungdomsskule. Den heiter visst noko anna no for tida.

Han står passe vekkgøymt i atterste rada her på Per Moltu sitt «klassebilete», som nummer fem frå høgre.

I morgon rundar den smålåtne kjernekaren 80 år. Tek vi ikkje mykje feil, var han styreleiar for brassen i nittiåra.

Han skulle eigentleg vore klona, Løvøy. For det er diverre langt mellom typar som han.

Hjalmar trakterte baryton. I morgon reknar vi med at nokre andre har vit til å traktere han.

Tysdag 29. er det stor konsert med «Herøy Brass» og Vamp i Fosnavåg. Bandet på bildet fusjonerte med Bergshorn i 2003.

Det står til liv. Gratulerer alle!

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.