No er song- og dansegruppa Uhørt i Brattvåg ute med sin første cd, fem år og sju live show etter oppstarten i 2011.

– Vi er ikkje noko kor, vi kallar oss songgruppe. For oss er eit kor ein gjeng med songarar som står rett opp og ned og syng. Vi likar å danse i tillegg, og lagar sceneshow med koreografi, fortel styreleiar i den 20 medlemmar store gruppa, Synne Remme Reitan (17), som har vore med i fire år.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Uhørt med juleplate

Onsdag var det releaseparty i ID-huset.

Her framførte Uhørt dei de seks låtane dei har spelt inn på cd, med musikk av blant andre Leonard Cohen, Johan Farnham og Ingebrigt Davik.

– Det er ei juleplate, men vi dansar til der det passar, og brukar elles enkel koreografi, fortel Synne.

– Arrangementet er skrive av pianist og komponist Håvard Sveås, som også spelar piano på cd-en.

– Noko av musikken arrangerer eg, og noko lagar ungdommane sjølve, fortel Skjelten.

Resten av bandet på plata består av Håvard Caspersen på gitar, Geir Kristian Breivik på bass og Bernt Roar Baade på trommer. Plata er produsert av gruppa sin faste lydteknikar Sverre Walderhaug, mens Terje Hansen står for lyssetting.

Utfordring

Nokon dirigent vil ikkje songgruppa Uhørt ha.

– Det sa dei klart frå om då vi starta gruppa for fem år sidan. Som vaksen og ansvarleg leiar er jo det ei utfordring.

Reunion

Lille nyttårsaftan, 30. desember, blir det reunion-konsert i Ingebrigt Davik-huset, gruppa sin faste tilhaldsstad gjennom alle år.

Då blir dei rundt 40 songarar på scena, tidlegare med- lemmar inkludert.

Her spelar også Uhørt sitt faste band, med Kjetil Strand, Ivar Holsvik, Lars Øverås og Bjørn Skjelten.