– Rockeeventyret tek pause, men det er ikkje snipp-snapp-snute og alt håp ute, opplyser Fosnavåg Rock i ei pressemelding måndag.

Musikkfestivalen i Herøy har vore arrangert tre år på rad med artistar som DumDum Boys, Morten Abel, Tindrum og Di Derre på scena.

– Dei har gjort ein fantastisk innsats og ein glimrande jobb for lokalsamfunnet. Men, vi ser også at ein etter tre år på rad med ei slik storsatsing, så merkar ein noko slitasje, seier festivalsjef Frank-Levi Kvalsund i ein kommentar.

Arrangørane takkar for støtta desse tre åre, og påpeiker at dei har lært mykje som dei kan nytte vidare.

Få oversikt: Sjekk det skjer-kalenderen her