– Dette er svært skuffande, men også urimeleg, meiner Michael Pavelich som er regissør for skulemusikalen.

Ifølgje Fjordabladet hadde elevane øvd i tre månader og berre finpussen stod att. Pavelich nekta å bøye seg for selskapet i London og droppa heile musikalen. Elevane er no starta på nytt med øving til ein heilt ny musikal.

Gleda seg

Ingrid Tykhelle Kayser hadde fått hovudrolla som Oliver.

– Dette var litt trist. Det er ein fin musikal, og eg hadde gleda meg, men det er ikkje noko å gjere med no, seier ho.

I den nye musikalen «Back to the 80’s» får ho ei noko mindre rolle, men ser det positive i at fleire no får gjere meir.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Er vanleg praksis

Pavelich fortel at dei valde ei jente til rolla i «Oliver», slik dei også har gjort tidlegare.

Det er vanleg praksis å bruke jenter i guteroller. På skulen har dei heller ikkje gutar med det stemmeleiet som krevst.

– Det er stor tradisjon for at mezzosopranar spelar gutar. Publikum aksepterer det, seier Pavelich og trekkjer fram Peter Pan som eit døme på andre stykke der det er vanleg.

Hovudroller I hovudrollene i den nye musikalen er frå venstre Ingrid Tykhelle Kayser, Martha Pavelich, Eline Lillestøl, Håkon Bøen og Reany Mekke.

Det som irriterer han mest no er at ein jenteskule i England i fjor fekk sette opp musikalen med jenter i alle rollene. Og han har ikkje fått eit skikkeleg svar på kvifor dei ikkje fekk lov til å bruke jenter på Eid.

Jentene utgjer det store fleirtalet i musikal valfag.

– Vi må sjølvsagt bruke jenter. Vi kan ikkje vrake tre av dei beste fordi vi ikkje får lov av lisenseigar, seier Pavelich.

– Kunne de ikkje berre gitt blaffen og hatt ei jente i rolla?

– Nei, det er ulovleg å spele utan rettar, og då kunne dei ha kravd at vi ikkje spelte stykket, seier Pavelich.

Tek ting fort

Han synest det er uheldig at elevane måtte kaste vekk tid på dette, men han er overtydd om at det skal gå bra.

– Elevane er dyktige og tek ting veldig fort. Det er blant dei beste vi har hatt. Om det ikkje var for det, så måtte vi nok ha avlyst heile greia, seier Pavelich.