– I år skal eg feire jul heime i Ørsta for første gong på fire år. Eg gler meg, det skal bli godt, seier Egil Olsen.

Men han tek ikkje heilt fri frå musikk og scene. Tredje juledag spelar han med det nye livebandet sitt, og med musikarvener, på Terminalen i Ålesund. Robert Post frå Langevåg, Jenny Langlo frå Stordal, Natalie Sandtorv frå Ålesund og Marinette Tonning-Olsen frå Ålesund, er dei som er inviterte til samspel med Olsen på romjulskonserten.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Favorittjulesong

– Marinette Tonning-Olsen spelar valthorn i KORK, ho er veldig flink. Vi har snakka om å finne på noko musikalsk saman, fortel Olsen.

Smakebitar

I tillegg vil publikum få smakebitar frå Egil Olsen si komande plate, som skal vere klar i april/mai neste år. På plata har Olsen fått med seg Gunnar Sæter frå Ørsta på trommer, og Jørn Erik Ahlsen på bass og gitar. Dei tre har spelt i lag på turné i haust, og skal spele saman framover. Olsen kallar Sæter og Ahlsen «mitt splitter nye, tøffe, fine og gøye liveband».

Plata som kjem til våren er Egil Olsen si femte soloplate. Før han gjekk solo gav han ut to plater med bandet Uncles Institution.