16-årig klassisktalent frå Volda deltek i UMM og Norske talenter

Louise Engeseth (16) frå Volda er allereie ei godt kjend songstemme i lokalmiljøet. Då ho var ti år framførte ho «Pie Jesu» på konsert i kyrkja, etter berre to månader med songtimar.

Ho har vore med i UKM fleire gonger, ho har sunge på ulike tilstellingar, på institusjonar, delteke i konsertar, og hatt solokonsert. 16-åringen har også sunge i koret i to oppsettingar i Operahuset Nordfjord.

I 2015 fekk Louise talentstipend frå Sparebank 1.

Hva skjer i helga? Sjekk kulturkalenderen

Klassisk

Komande helg er 16-åringen ein av deltakarane i den nasjonale konkurransen Ungdommens musikkmesterskap (UMM) på

Også til UMM trompetist Mathea Strømmegjerde (18) frå Sykkylven er den andre frå Sunnmøre som får delta i den nasjonale finalen av Ungdommens musikkmesterskap i Oslo denne helga. Foto: Hallvard Sandvik

Norges musikkhøgskole i Oslo. Louise er blant tre av 24 deltakarar som gjekk vidare frå den regionale meisterskapen for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i november. Dei andre er Mathea Strømmegjerde (trompet) frå Sykkylven, og Gloppen kulturskule slagverksensemble.

UMM er ein meisterskap i framføring av klassisk musikk for alle under 23 år, og har konkurranseklasser for både solistar og kammermusikkgrupper. Totalt er 125 deltakarar med i den nasjonale semifinalen i år. I klassa for song i aldersgruppa 16–20 år, er det seks deltakarar inkludert Louise.

Yngst

– Eg har akkurat fylt 16 år, så eg er den yngste i mi klasse. Men eg gler meg til å stå på scenen, og ikkje minst til å verte kjend med andre unge som satsar på klassisk musikk, fortel ho.

16-åringen går første året på musikklinja på Volda vidaregåande skule.

Det var fløytelæraren til Louise, Ragnhild Engeset, som oppdaga at den unge jenta hadde talent for song. Engeset er sjølv ein kjend songar i distriktet.

– Eg har alltid likt å syngje, og eg masa tidleg på Ragnhild om å få ta songtimar med henne. Ho er den beste læraren eg kunne ha fått. Ho er så dyktig i faget, og i tillegg er ho ein fantastisk person, skryt Louise.

Talentstipendet ho fekk i 2015, har Louise brukt til å ta songtimar med Hilde Haraldsen Sveen på Grieg-akademiet i Bergen.

Lege

Den unge songarinna har hatt lyst til å utdanne seg til lege, men då ho skulle søkje på linje på vidaregåande skule, så tenkte ho at ho kom til å angre om ho ikkje valde musikklinja.

– Synginga er ikkje så lett å ta opp igjen når eg vert eldre, men å supplere med dei faga eg treng for å studere til lege, det kan eg gjere seinare om eg finn ut at det er det eg vil, forklarer ho.

Akkurat no er det syngje Louse vil, og ho har førebudd seg godt til Ungdommens musikkmesterskap i Oslo.

– Det er slik med meg at eg øver like mykje til eit songoppdrag på gamleheimen, som til ein seriøs konkurranse. Eg vil at det eg gjer skal vere bra, smiler ho.

16-åringen er også deltakar i Norske Talenter på TV2 i år, og ho blir kanskje å sjå på TV i programmet frå audition i Trondheim.

– Men korleis det gjekk har eg ikkje lov å seie noko om.