Musikaren, komponisten, dirigenten og pedagogen døydde 12. januar, i sitt 81. år.

Han hadde vore aktiv like til det siste. I sving med fiolinen både oppunder jul og nyttåret med.

Gravferda tysdag vart ein overmåte varm og vakker manifestasjon. Frå alle hald kom det prov på kor mykje dette særeigne mennesket tydde.

Blei 81 år Knut Ose blei gravlagd tysdag 24. januar.

Fiolinen kom inn i tilværet då Knut var 15 år. Han arbeidde først på Grepa, så Brødrene Bjerknes, før han tok til å file orgelpiper i Vestre-fabrikken på Haramsøya ei tid.

Musikken skulle kome til å bli nær sagt eitt og alt for Knut Ose. Kvar dag livet ut hadde han si faste øvingsstund.

Den gode venen Matias Austrheim forretta i gravferda, og rissa opp eit nært portrett av kunstnarsjela.

Det er mest uråd å liste opp alle felta Ose var aktiv på. Frå utsida kunne det verke som om han hadde ein ekstra vekedag å hjelpe seg med.

Han etablerte og leia fleire sentrale kor og orkester gjennom ein mannsalder. Gav og gav som initiativtakar og læremeister i musikkskulane.

I gravferda helsa unge vaksne tilbake og fortalde at Knut såg alle. Fekk fram det beste i dei. Brydde seg. Følte med dei som sleit, og gledde seg over all framgang.

Les også: Musikk-brørne Knut og Nils Ose fekk Kongens gull

Prest Austrheim heldt fram den unike pedagogen: Dei vaksne venta i bilen, og visste inderleg vel at avkomet ikkje hadde øvd så intenst heime. Kvidde seg difor til å høyre kor speletimen hadde gått.

– Så kjem dei og svarar gledestrålande: «Kjempefint!».

Ose tok eigenhendig av seg rekruttering. La til rette. Gjorde det mogleg. Slik kunne det vekse fram eit orkestermiljø i Ørsta og Volda som djupast sett eigentleg er naturstridig.

– Det han gav, vil leve vidare, vart det helsa frå skulehald.

Bjarte Engeset har gjeve Knut mykje av æra for at han torde gjere musikken til leveveg. Takk vere store opplevingar i regi av mellom andre Knut, vart unge introdusert for denne vidunderlege verda.

Ungdomssymfoniorkesteret Ose starta er såleis det einaste av sitt slag mellom Bergen og Trondheim. Vi meiner å vite at mykje av dette arbeidet dessutan var av det ulønte slaget. Knut kan trygt seiast å ha vore av gamletypen.

Han stod i lærargjerninga godt inn i sitt åttiande år. Seks av desse tiåra var han fast inventar i symfoniorkesteret som no ligg under høgskulen.

– Det må vere nokså nær verdsrekord, sa Trude Rabben, og la til at orkesteret aldri vert det same utan spelet, humoren, låtten og oppmuntringa hans.

– Vi var mange som trudde han var udøyeleg. Og no står vi her for å ta farvel. Han gjorde oss alle trygge, fortalde orkesterleiaren.

Attåt fele, var Knut ein meister på tuba. Speleteknisk så langt frå eit strykeinstrument det er råd å kome. Men han var like vár og elegant der også. Gjorde tidleg heilt uvanlege ting som vart lagt merke til langt inn i krinsane av yrkes-brør som t.d. Stein Erik Tafjord.

Han var glad i livet, venesæl og leiken. Kopla til det virtuose, var han typen til å trollbinde nye generasjonar spelesugne. På hageslange om så det var. Kunsten tok han alvorleg. Aldri seg sjølv.

– Korleis han fekk tid til alt, er det truleg berre Åse-Rigmor som veit, sa Matias Austrheim.

Dei vart gift i 1958, fekk fire barn. Så kom det til barnebarn og eitt oldebarn.

– Knut var ingen pågåande misjonær. Han vitna kristentrua si gjennom songen og musikken. Sin gode veremåte. Alle menneske var like viktige for han, påpeika Matias Austrheim i gravtalen.

Ose sin nydelege, oppløftande tone til Bjerkreim-salmen «Takk at du tok mine byrder» er kjend og kjær i Ørsta, høyrde vi på songen i går.

– Knut var takksam for livet. Trygg i trua si. Takk gode Gud for tida vi fekk i lag med han, oppsummerte Austrheim.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet