–Dette har vi gledd oss til lenge Det blir kjekt å synge i eit storkor i Grieghallen med dans og koreografi, og proff lyd og lys.

Det seier Signe Reidun Urtegård som er dirigent for koret Kordue. Fredag kveld reiste ho saman med ti jenter og gutar frå koret til Bergen for å delta i storkorsamlinga i helga. Dit kjem rundt 350 barn og unge frå ulike kor frå Vestlandet for å øve saman. Det heile skal ende i ein storkonsert i Grieghallen søndag. Det familien Sulebakk frå Bergen som står bak storkonsert-arrangementa, som har samla fulle salar i mange kulturhus rundt om i landet.

–Det er første gongen Kordue reiser for å delta på dette, men koret har hatt besøk av mor og to av barna i Sulebakkfamilien som øvde saman med oss ei helg sist vår. Det enda opp i ein konsert på Giske bedehus, fortel Urtegård. Men no er det storkonserten i Grieghallen som gjeld. Songen «Gratis» med Sofie Børud som solist, og ulike kristne barnesongar, er noko av det songarane frå Giske skal framføre saman med fleire hundre andre unge korsongarar.