Det seier Bjørn Vidhammer, leiar for UKM-arrangør Ørskog musikkverkstad, etter søndagens mønstring i Ørskog.

– Sceneinnslaga var veldig varierte, mellom anna med dans, turn, cheerleading, song og fiolinspel, legg han til.

Fleire enn i fjor

I alt var det påmeldt 11 innslag frå scena og tre på kunst, under mønstringa i Ørskog samfunnshus.

– Kanskje ikkje så mange, men sett ut frå at vi er ei lita kommune er vi godt nøgd med deltakinga. Samanlikna med i fjor er det tre innslag fleire, og bak tala skjuler det seg jo langt fleire folk. Eksempelvis var den eine av dei tre påmelde på kunst ei 10. klasse, seier Vidhammer.

Mønstringa samla over 100 publikummarar.