Det melder styret i Nynorsk kultursentrum, Ørsta.

Haga Lunde får prisen «for å gi bruk av nynorsk den autoriteten som trengst på eit område som har vore mindre språkleg mangfaldig enn resten av samfunnet», som det heiter i grunngjevinga.

Held på identiteten

Årets nynorskbrukar kjem frå Os i Hordaland, er generalløytnant i Forsvaret og har vore sjef for Etterretningstenesta sidan januar 2016.

– I eit langt yrkesliv i Forsvaret har eg vore utsett for ulike språkpåverknader i ulike område av landet. Det har alltid vore viktig for meg å halde på identiteten min ved å nytte mitt eige talespråk. Etter kvart som eg har fått leiande stillingar i Forsvaret, har eg også lagt vinn på å nytte nynorsk i offentleg kommunikasjon, seier han.

Gir bort 100.000

Prisen er på 100 000 kroner og eit grafisk blad av Arne Nøst som blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela i Ørsta 29. juni. Lunde kjem til å gi prissummen til ei verdig føremål.

38 kandidatar var aktuelle for årets pris.

Tidlegare prisvinnarar er blant andre songlyrikarane Aasmund og Odd Nordstoga, kunsthistorikar og journalist Jorunn Veiteberg, Facebook-omsetjar Martine Rørstad Sand, rapparane i Side Brok, forfattar Maria Parr og journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise.