Vi håpar inderleg det kristelege i namnet borgar for etisk reflektert åtferd etter vegen. Programmet er nemleg passe tettpakka. Det gjeld å forte seg.

Noko fortel oss at gutane har full opptening både av bonus i forsikringa og på det meir songlege planet. I dette koret syng dei nemleg så lenge helsa held.

I år er det altså i all hovudsak bygder i Nordfjord som får vitjing av Sunnmøre Kristelege Mannskor i påska, men den tradisjonelle todagars-turneen vert avrunda langfredag i Ulstein.

Starta på 1930-talet

Kvar einaste påske i dei 85 åra koret har vore i aktivitet, har det vore vanleg legge ut på ein slik påsketurne.

Koret har vitja kyrkjer og forsamlingshus over heile Sunnmøre; tidvis også resten av fylket, til liks med Nordfjord og Sunnfjord. Også Trøndelag har hatt vitjing av koret.

I koret si første tid varte turneen heile påska, derav nemninga «Påskekoret». Dei seinare åra har turneen vore lagd til skjærtorsdag og langfredag.

I år vil koret vitje Stårheim, Breim, Gimmestad, Nedstryn og Innvik.

SKRIM, som er den korte nemninga av koret, held sjølvstendige konsertar/songmøte, men der det høver best, vert det å ta del i gudstenestene.

Få oversikt: Sjekk «Det skjer»-kalenderen her

Skjærtorsdag tar koret såleis del i gudstenesta i Stårheim kyrkje, og på ettermiddagen vert det songmøte/konsert i Breim kyrkje. Om kvelden er det gudsteneste i Gimmestad kyrkje, der altså koret deltar.

Langfredag syng koret under gudstenesta i Nedstryn kyrkje, og før turen går attende til Sunnmøre, vert det songmøte / konsert i Innvik kyrkje litt tidleg på ettermiddagen.

Heile turneen vert avslutta med songmøte/konsert i Ulsteinvik på forsamlingshuset Fredheim.

Varemerke

Songmusikalske skattar frå sentral tradisjon i kyrkje- og kristenlivet vårt er koret sitt varemerke. Sunnmøre Kristelege Mannskor vart godt kjent gjennom Ønskekonserten i radioen på 1950/60-talet.

Særleg var «Himmelske Fader» med solisten Randulf Saunes ofte å høyre. Den songen står framleis på koret sitt repertoar. Av kjende tonediktarar kan nemnast S. H. Geitvik, Knut Nystedt og Edvard Grieg.

Mykje stammar frå Johan H. Grimstad, som var koret si drivande kraft og dirigent gjennom mange år. Dei seinare åra har kor-nestoren Svein Eiksund leia dei malmfulle songarane.