Professor og multikunstnar og  Jan Vincents Johannessen opna søndag utstillinga som markerer ti årsjubileet til Studio Hugo Opdal på Flø.

Dei besøkande fekk gratis vafler og kaffi medan dei kunne sjå biletkunst, skulpturar og glaskunst i dei fleste prisklasser.

Ulstein-galleriet markerer at det er ti år sidan dei opna, med ei utstilling med verk frå 18 kunstnarar som tidlegare har vore stilt ut her. Mellom desse er Magne Furuholmen, Bjarne Melgård, Nico Widerberg, Fredrik Raddum, Knut Bry, Unni Askeland og Kenneth Blom.

Glaskunstnar Camilla Prytz har også stilt ut ved galleriet før, og var igjen på besøk i helga med nye vasar. Utstillinga er ope laurdagar og søndagar i mai.