Dette forklarer den pensjonerte norsk- og religionslæraren Odd Goksøyr (64). Opphavleg frå Goksøyra på Runde i Herøy, no busett på Bigset i Hareid.

Kvalitetane

Goksøyr var tidleg ute med å sjå kvalitetane i musikken til legender som Bob Dylan og Leonard Cohen.

– Dei har jo begge dette jødiske over seg, mellom anna med mange og sterke bibelske bilde i uttrykket sitt. Mykje av det er henta rett frå levd liv, kjærleik og dei sigrar og tap som livet byd på.

– Respekten for dei nemnde karane har ikkje vorte mindre med åra. I fjor gjekk canadiaren Cohen inn i dei evige musikalske marker – og Odd Goksøyr var mellom millionar som sat att med eit sakn – og ein trong for å ære denne mannen – med hatt og musikk og lyrikk – ein gong til.

Urframføringa Odd Goksøyr er her i svært godt lag med sine eigne musikalske kameratar, då han urframførte sin Cohen-konsert i Ørsta i 2007.

– Eg var for så vidt tidleg ute og hylla Cohen, på mitt eige vis – i 2007. Då fekk eg samla ein gjeng kjende og kjære – og ikkje minst særs dyktige – lokale musikarar, saman heldt vi kveldskonsert under Dei nynorske festspela i Ørsta.

– Tilbakemeldingane sa oss at vi trefte fleire spente strenger hos publikum den kvelden, minnest Goksøyr med glede. Men det er ikkje berre berre å samle ein gjeng travle musikarar og øve inn eit konsertsett.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Glade amatørar

– Sjansen baud seg no når Sjøborg kulturhus skal feire sitt tiårsjubileum. Då får vi gratis tilgang til scene og stort amfi, ein ting som glade amatørar faktisk må tenkje over, smiler Goksøyr.

Han har handplukka dei ti han vil ha med seg, og saman har gjengen lagt bak seg mange åndssterke øvingar – i sjølvaste Cohen si ånd.

Dei gode glimta i livet

– For meg personleg er dette kjekt – svært kjekt å få vere med på! Musikarane er så positive – og så dyktige. Eg føler vi er eit lag i flyt. – Men dei er også alle travle personar i kvardagen – og til fleire vi blir – til meir må klaffe. No samlar vi alle krefter og trår til med kon sert den 18. juni, slår Odd Goksøyr fast.

Meisteren Leonard Cohen – under ein konsert på Moldejazz 30. juni 2009. Den 18. juni kjem Cohen til Ulsteinvik – post mortem.

I tillegg til om lag 20 Cohen-låtar som han har omsett og lokalisert tidlegare, er minst to nye no på plass. Og alt det gamle er pussa og polert på.

– Cohen var ein meister i å fortelje oss at dei gode glimta i livet kan vere flyktige. Flyktig er også konserten vår, åtvarar Goksøyr – med humor.

Sunnmørsposten om Cohen-konserten i Molde i 2009: Cohen-mania