For ti år sidan opna Sjøborg kulturhus dørene i Ulsteinvik, og jubileet blei feira med ein festkonsert laurdag kveld.

Lokale aktørar, blant anna Ulstein Mannskor og jentegruppa Lakris, delte scena med profesjonelle artistar som tenor Thomas Ruud.

Leif Ringstad, kultursjefen sjølv, tok på seg jobben som konferansier. Han meiner det er viktig å feire kulturhuset med ein miks av både lokale og profesjonelle aktørar.

– Det handlar om å vise fram det ein har av kultur. Vi har her fått vist fram mangfaldet og kva huset kan vere, og vist fram både unge og godt vaksne talent. Den miksen av både lokale aktørar og profesjonelle er slik vi har jobba i ti år og vi har tru på det, fortel Ringstad.

Kjende og lokale artistar

Sidan oppstarten av kulturhuset har Sjøborg hatt over 400 ulike arrangement, over 7500 kinoframsyningar og snart ein halv million besøkande. Kjende artistar som Carola og Randy Crawford har besøkt kulturhuset, men lokale artistar har også brukt huset i løpet av dei ti åra.

Ringstad seier det er viktig for kulturlivet å ha eit hus som blir brukt både av lokale og kjende artistar.

– Det betyr mykje for det lokale kulturlivet, men også for kulturtilbodet. Her kan vi hente inn internasjonale artistar. Målet vårt er å ha minst ein internasjonal artist i løpet av eitt år. Det har vi stort sett hatt. Det er med på å krydre kulturlivet, seier han.

(saka fortsetter under)

-Kulturlivet har blomstra

To av dei som hadde tatt turen til jubileumskonserten var Åse Marie Sæbø og Odd Rindalsholt. Dei meiner at Sjøborg er viktig for kulturlivet.

– Sjøborg har betydd mykje og kulturlivet har blomstra. Med dette huset har folk flest i alle alder blitt meir interessert i kultur. Kommunen gjer ein god jobb, seier Rindalsholt.

– Kommunen var flinke før også, men det har blitt meir kultur her. Det er også folk frå andre plassar som kjem hit, så det har ringverknader, seier Sæbø.

Kulturpris

I løpet av konserten blei også Ulsteinviks kulturpris delt ut. Ein overraska Rune Ertesvåg blei heidra for sin innsats og musikkengasjement i kulturlivet.

– Det var fantastisk og heilt uventa. Eg blei heilt mållause. Eg held på med dette fordi eg synst det er gøy, men det er utruleg kjekt å bli sett pris på, fortel Ertesvåg.

Rundt 300 menneske besøkte jubileumskonserten, og kultursjefen er godt nøgd med gjennomføringa.

– Det var ein flott konsert. Det er slike dagar ein ser fram til, seier Ringstad om korleis det er å vere kultursjef på ein sånn kveld.

– Sjøborg vil nok fortsette å ha ein sentral plass i kulturlivet dei neste ti åra også, seier han.